1 Så seier Herren:
For tre ugjerningar ¬Moab har gjort,
ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.
For dei brende Edom-kongens ¬bein til kalk.
2 Men eg sender eld mot Moab,
han skal øyda borgene ¬i Kerijot.
Moabittane skal døy ¬i stridsgny,
medan hærrop lyder ¬og horn gjallar.
3 Eg rydjar ut han ¬som styrer i landet,
og drep alle hovdingar ¬saman med han,
seier Herren.
Domen over Juda og Israel
4 Så seier Herren:
For tre ugjerningar ¬Juda har gjort,
ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.
For dei vanvørde Herrens lov
og heldt ikkje ¬hans føreskrifter,
men lét seg føra vilt ¬av lygngudane,
som fedrane deira hadde fylgt.
5 Men eg sender eld mot Juda,
han skal øyda borgene ¬i Jerusalem.
6 Så seier Herren:
For tre ugjerningar ¬Israel har gjort,
ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.
For dei sel rettferdige ¬for pengar
og fattigfolk for eit par skor.
7 Dei trakkar småkårsfolks hovud ¬i støvet
og trengjer dei hjelpelause ¬bort frå vegen.
Ein mann og far hans ¬går til same jenta
og vanhelgar såleis ¬mitt heilage namn.
8 Dei strekkjer seg ¬på pantsette klede
attmed kvart altar,
og vin som dei har teke i bøter,
drikk dei i huset åt sin Gud.
9 Og det var då eg
som rudde ut amorittane ¬for dei,
dei som var høge som sedrar
og sterke som eiker.
Eg øydela frukta ovantil
og røtene nedantil.
10 Det var eg ¬som førte dykk opp frå Egypt
og leidde dykk i øydemarka ¬i førti år,
så de kunne ta amorittlandet ¬i eige.
11 Eg gjorde nokre av sønene ¬dykkar til profetar
og nokre av unggutane dykkar ¬til nasirearar.
Er det ikkje så, de israelittar?
lyder ordet frå Herren.
12 Men de gav nasirearane ¬vin å drikka
og forbaud profetane Œ forkynna.
13 Sjå, no lèt eg grunnen ¬skaka under dykk
som under ei vogn full av korn.
14 Den lettføtte finn ikkje livd,
den sterke får ikkje ¬bruka si kraft,
og krigaren bergar ikkje sitt liv.
15 Bogeskyttaren held ¬ikkje stand,
den som er lett på foten, ¬kjem ikkje unna,
og ryttaren bergar ikkje livet.
16 Den djervaste av krigarane
skal røma naken den dagen,
lyder ordet frå Herren.