Amos 3

Utveljing og ansvar

1 Høyr dette ordet

som Herren har tala

mot dykk, de Israels søner,

mot heile den ætta

som eg førte opp ¬frå Egyptarlandet:

2 Berre dykk ville eg ¬kjennast ved

mellom alle folk på jorda.

Difor krev eg dykk ¬til rekneskap

for alle syndene dykkar.

Kallet tvingar

3 Går vel to i lag

når dei ikkje har vorte samde ¬om det?

4 Brøler løva i skogen

når ho ikkje har funne rov?

Brummar ungløva i hola si

når ho ikkje har fanga noko?

5 Fell ein fugl i ei snare på marka

når ingen har sett ¬ei snare for han?

Sprett ei felle opp frå marka

utan at ho har fanga noko?

6 Gjallar vel hornet i ein by

utan at folket skjelv av redsle?

Eller hender det ei ulukke ¬i byen

utan at Herren har gjort det?

7 For Herren Gud gjer ikkje noko

utan at han har openberra ¬sitt råd

for tenarane sine, profetane.

8 Når løva brøler,

kven må ikkje reddast då?

Når Herren Gud har tala,

kven må ikkje då ¬tala profetord?

Domen over Samaria

9 Rop ut over borgene i Asjdod,

over slotta i Egypt, og sei:

Kom saman på Samaria-fjella!

Sjå redsla og rådløysa i byen

og den valdsferd som der rår!

10 Dei har ikkje vit ¬til å gjera det rette,

lyder ordet frå Herren,

dei dyngjer opp vald og ran ¬i sine slott.

11 Difor seier Herren Gud:

Fiendar skal kringsetja landet,

di sterke festning ¬skal rivast ned,

og borgene skal plyndrast.

12 Så seier Herren:

Som når ein gjætar

bergar ut or løvegapet

to leggbein eller ein øyrelapp,

så skal israelittane verta berga,

dei som sit i sofakroken ¬i Samaria

og på divanar i Damaskus.

Straffa kjem over hus og heilagdom

13 Høyr og vitna mot Jakobs ætt!

lyder ordet frå Herren Gud, ¬Allhærs Gud.

14 Den dagen eg krev Israel ¬til rekneskap

for syndene deira,

lèt eg straffa koma ¬over altara i Betel.

Då vert altarhorna avhogne

og fell til jorda.

15 Då knuser eg

både vinterhus og sommarhus.

Elfenbeinshusa vert ¬øydelagde,

og mange bygningar sig i røys,

lyder ordet frå Herren.