Amos 5

Klagesong over Israel

1 Høyr dette ordet, ¬Israels ætt,

ein klagesong ¬som eg syng om deg!

2 Ho er fallen ¬og reiser seg aldri meir,

Israel, den unge møy.

Ho ligg der ¬bortslengd på si jord,

og ingen reiser henne opp.

3 For så seier Herren Gud:

Den byen som sender ut ¬tusen mann,

får berre hundre att,

og den som sender ut ¬hundre mann,

får berre ti att – i Israels ætt.

Søk Herren, så skal de leva!

4 Så seier Herren til Israels ætt:

Søk meg, så skal de leva!

5 Søk ikkje til Betel,

kom ikkje til Gilgal,

og far ikkje over til Be’er-Sjeba!

For folket i Gilgal ¬skal førast bort,

Betel skal verta ¬uhyggjeleg audt.

6 Søk Herren, så skal de leva!

Elles kjem han som eld ¬over Josefs ætt;

elden øyder,

og det er ingen i Betel ¬til å sløkkja.

Dom over stormenn som gjer urett

7 Dei gjer retten om til malurt

og kastar rettferda til jorda.

8 Han som skapte Sjustjerna ¬og Orion,

han som gjer stummande ¬mørker til morgon

og dagen til svarte natt,

han som kallar på vatnet ¬i havet

og auser det ut over jorda

– Herren er hans namn.

9 Han lèt undergang lyna ¬over borger,

lèt festningar siga i røys.

10 Dei hatar menn ¬som hevdar retten på tinget,

og styggjest ved dei ¬som talar sant.

11 De trakkar småkårsfolk ned

og krev korn i avgift av dei.

Difor skal de ikkje få bu

i dei hus de har bygt ¬av tilhoggen stein,

og ikkje få drikka vin

frå dei herlege vingardar ¬de har planta.

12 For eg veit ¬at dykkar brot er mange

og dykkar synder utan tal,

de som forfylgjer ¬skuldlaust folk,

lèt dykk kjøpa for pengar

og driv fattigfolk bort ¬frå retten.

13 Difor teier den kloke ¬i denne tid;

for ei vond tid er det.

Legg vinn på det gode!

14 Legg vinn på det gode ¬og ikkje det vonde,

så de får leva!

Då skal Herren, Allhærs Gud,

vera med dykk, som de seier.

15 Hata det vonde ¬og elska det gode,

hald retten høgt på tinget!

Så vil kanskje Herren, ¬Allhærs Gud,

vera nådig mot Josefs rest.

Sorg og klage

16 Difor seier Herren,

Herren, Allhærs Gud:

På alle torg skal lik-klage lyda,

i alle gater skal dei ropa: «Ve!»

Dei skal henta bonden ¬til syrgjehøgtid,

senda bod på folk ¬som kan gråta og klaga.

17 I alle vingardar skal dei jamra

når eg skrid fram ¬imellom dykk,

seier Herren.

Herrens dag

18 Ve dykk som lengtar ¬etter Herrens dag!

Kva vil de med Herrens dag?

Han er mørker og ikkje ljos.

19 Det er som når ein mann

rømer frå ei løve ¬og møter ein bjørn;

og kjem han heim ¬og stør handa til veggen,

vert han biten av ein orm.

20 Ja, mørk er Herrens dag ¬og ikkje ljos,

kolmørk er han og utan ljoske.

21 Eg hatar og styggjest ¬ved festane dykkar,

stemnene dykkar ¬byd meg imot.

22 For om de ber fram brennoffer ¬eller grødeoffer,

så bryr eg meg ikkje om dei.

Og dykkar måltidsoffer ¬med gjøkalvkjøt

ser eg ikkje på.

23 Lat meg sleppa ¬dine ståkande songar,

eg vil ikkje høyra ¬ditt harpespel!

24 Lat retten vella fram som vatn,

og rettferd lik bekker ¬som aldri turkar.

25 Bar de fram for meg slaktoffer ¬og grødeoffer

dei førti åra i øydemarka, ¬du Israels ætt?

26 Og bar de Sakkut, ¬kongen dykkar,

og Kevan, ¬stjerna åt guden dykkar,

bileta som de har laga?

27 Eg fører dykk i fangenskap

til landet bortanfor Damaskus,

seier Herren – Allhærs Gud ¬er hans namn.