Syner om Israels undergang
1 Dette synet ¬lét Herren Gud meg sjå:
Han skapte grashopper
då håa tok til å veksa;
det var håa etter kongens slått.
2 Då dei hadde ete opp alt graset ¬i landet,
sa eg: «Tilgjev, Herre Gud!
Korleis kan Jakob berga livet,
så liten som han er?»
3 Då endra Herren sitt forsett.
«Det skal ikkje henda,» ¬sa Herren.
4 Dette synet ¬lét Herren Gud meg sjå:
Herren Gud kalla elden til strid.
Han slukte det store havdjupet
og heldt på å eta opp landjorda.
5 Då sa eg: ¬«Hald opp, Herre Gud!
Korleis kan Jakob berga livet,
så liten som han er?»
6 Då endra Herren sitt forsett.
«Heller ikkje det skal henda,» ¬sa Herren Gud.
7 Dette synet lét han meg sjå:
Herren stod på ein mur,
og i handa hadde han ¬eit blylodd.
8 Og Herren sa til meg:
«Kva ser du, Amos?»
Eg svara: «Eit blylodd.»
Då sa Herren: ¬«No senkar eg loddet
midt i Israel, folket mitt.
Eg vil ikkje lenger ¬ha tol med det.
9 Isaks offerhaugar skal øydast,
og Israels heilagdomar ¬siga i røys.
Eg vil reisa meg med sverd ¬mot Jeroboams hus.»
Amos vert bortvist frå Betel
10 Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, kongen i Israel, med desse orda: «Amos har fått til ei samansverjing mot deg midt i Israel. Landet kan ikkje lenger halda ut alle dei orda han talar.
11 For Amos har sagt:
Jeroboam skal døy for sverd,
og israelittane skal førast bort
som fangar frå sitt land.»
12 Sidan sa Amasja til Amos: «Gå din veg, du sjåar, kom deg av stad til Juda! Der kan du ha ditt levebrød, der kan du vera profet.
13 I Betel får du ikkje lenger tala profetord; for det er ein kongeleg heilagdom, ja, eit rikstempel.»
14 Då tok Amos til ords og sa til Amasja:
Ikkje er eg profet ¬og ikkje profetsvein.
Eg er gjætar ¬og dyrkar morbærfiken.
15 Men Herren tok meg bort ¬frå saueflokken,
og Herren sa til meg:
«Gå og ver profet for Israel, ¬mitt folk!»
16 Så høyr no Herrens ord:
Du seier: «Tal ikkje profetord ¬mot Israel,
og preik ikkje mot Isaks ætt!»
17 Difor seier Herren:
Kona di skal driva utukt i byen,
dine søner og døtrer ¬skal falla for sverd,
di jord skal mælast ut til andre,
du sjølv skal døy ¬på urein grunn,
og Israel skal førast bort ¬frå sitt land.