Amos 8

Enden er komen for Israel

1 Dette synet ¬lét Herren Gud meg sjå:

ei korg med mogen frukt.

2 Han sa: «Kva ser du, Amos?»

Eg svara: ¬«Ei korg med mogen frukt.»

Då sa Herren til meg:

«Enden er komen for Israel, ¬mitt folk,

eg vil ikkje lenger ¬ha tol med det.

3 Kvinnene som syng i slottet,

skal jamra den dagen,

lyder ordet frå Herren Gud.

Alle stader ligg det lik i mengd.

Dei er slengde til sides. Hysj!»

Herrens dom over uærleg handel

4 Høyr, de som trakkar ¬fattigfolk ned

og gjer ende på dei hjelpelause ¬i landet!

5 De seier: ¬«Når er nymånedagen slutt,

så vi kan selja korn,

og sabbaten til ende,

så vi kan opna vår kornbu?»

Då gjev de ringt mål

og tek for stor betaling

og fuskar med falske vekter.

6 De kjøper småkårsfolk ¬for pengar,

ein fattig stakkar ¬for eit par skor

og seier: ¬«No sel vi avfallskorn!»

7 Herren har svore ¬ved Jakobs ære:

Aldri skal eg gløyma

alt det dei har gjort!

8 Må ikkje jorda skjelva for slikt,

så alle som bur der, syrgjer?

Ja, må ho ikkje stiga som Nilen,

stiga og siga som elva i Egypt?

Ulukkedagen

9 Den dagen skal det henda,

lyder ordet frå Herren Gud:

Eg lèt sola glada middagstider,

gjer jorda mørk ¬ved høgljos dag.

10 Eg gjer dykkar festar ¬til syrgjehøgtid

og alle dykkar viser ¬til klagesong.

Eg legg syrgjeklede ¬om alle lender

og lèt kvart hovud ¬rakast snautt.

Eg valdar slik sorg

som når ein syrgjer ¬over einaste sonen,

og enden vert ¬som ein ulukkedag.

Hunger etter Herrens ord

11 Sjå, dagar skal koma,

lyder ordet frå Herren Gud,

då eg sender hunger i landet,

ikkje hunger etter brød ¬eller torste etter vatn,

men etter å høyra Herrens ord.

12 Dei skal flakka om ¬frå hav til hav,

sviva ikring frå nord til aust

og leita etter Herrens ord,

men dei skal ikkje finna det.

13 Fagre jenter og sterke gutar

skal siga om av torste ¬den dagen.

14 Dei som sver ¬ved Samarias synd

og seier: ¬«Så sant din gud lever, Dan!»

og: «Så sant din gud lever, ¬Be’er-Sjeba!»,

dei skal falla ¬og aldri reisa seg meir.