Esekiel 26

Tyrus skal gå til grunne

1 I det ellevte året, den fyrste dagen i den fyrste månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

2 Menneske, Tyrus har sagt ¬om Jerusalem:

«Ha-ha! ¬Folkeporten er sprengd;

no er det eg som tek over.

Eg vert rik, ¬medan han ligg aud.»

3 Difor seier Herren Gud:

Sjå, eg kjem imot deg, Tyrus.

Eg fører mange folkeslag ¬mot deg,

liksom havet ¬lèt bylgjene velta fram.

4 Dei øydelegg murane ¬kring Tyrus

og riv ned tårna der.

Eg sopar bort moldjorda i byen

og gjer han til eit nake berg.

5 Han skal verta ein turkeplass ¬for garn

der han ligg uti havet.

For eg har tala, ¬seier Herren Gud.

Han skal verta eit bytte ¬for andre folk,

6 og i dotterbyane på fastlandet

skal menneska verta drepne ¬med sverd.

Dei skal få sanna ¬at eg er Herren.

7 Ja, så seier Herren Gud:

Eg lèt Babels konge, ¬Nebukadnesar,

han som er konge over kongar,

dra mot Tyrus frå nord,

med hestar og vogner ¬og ryttarar

og med ein veldig hær.

8 I dotterbyane dine ¬på fastlandet

skal han drepa folket ¬med sverd.

Han skal byggja skansar,

kasta opp ein voll ikring deg

og reisa skjoldtak mot deg.

9 Så støyter han stormbukken ¬mot murane dine

og bryt tårna ned ¬med brekkjern.

10 Han har så mange hestar

at støvet frå dei ¬skal dekkja deg.

Larmen av ryttarar og vognhjul

skal få murane dine til å skjelva

når han fer inn ¬gjennom portane dine,

som ein dreg inn ¬i ein hærteken by.

11 Med hovane av hestane sine

trakkar han ned ¬alle gatene dine.

Han drep ditt folk med sverd

og styrtar dine sterke søyler ¬til jorda.

12 Så røvar dei din rikdom

og tek dine varer som bytte.

Dei bryt ned dine murar

og riv dine herlege hus.

Steinar, bjelkar og grus

kastar dei på sjøen.

13 Då gjer eg slutt ¬på dine ståkande songar,

dine lyrer ¬skal ikkje høyrast meir.

14 Eg gjer deg til eit nake berg,

du vert ein turkeplass for garn.

Aldri skal du byggjast opp att.

Eg har tala,

lyder ordet frå Herren Gud.

15 Så seier Herren Gud til Tyrus:

Sanneleg, havsens strender ¬skal skjelva

når du fell med bulder og brak,

når dei som er gjennombora, ¬styn,

og mange vert drepne i byen.

16 Då skal alle fyrstane ved havet

stiga ned frå sine troner,

leggja bort sine kapper

og ta av seg dei fargerike kleda.

Dei vert gripne av redsle

og set seg på jorda;

dei skjelv kvar augneblink

og fæler når dei ser deg.

17 Så set dei i ¬med ein klagesong over deg:

Å, at du har gått til grunne,

har kvorve frå havet, ¬du lovpriste by!

Byen og folket der ¬hadde makta på havet,

spreidde redsle blant alle ¬som budde ikring.

18 Strendene skjelv ¬den dagen du fell,

øyane i havet vert gripne ¬av redsle

fordi du fekk slik endelykt.

19 For så seier Herren Gud:

Når eg gjer deg til ein herja by,

lik byar ¬som det ikkje bur folk i,

når eg lèt storhavet stiga,

så veldige vassmengder ¬dekkjer deg,

20 då fører eg deg ned ¬med dei som går i grav,

ned til folk som levde før.

Eg lèt deg bu i landet der nede,

som liknar ruinar ¬frå gamle dagar,

saman med dei ¬som har gått i grav.

Du skal ikkje koma att

og få deg ein stad ¬i landet åt dei levande.

21 Eg gjer deg til ei skræmsle,

du skal ikkje meir vera til.

Folk skal leita, ¬men aldri finna deg meir,

lyder ordet frå Herren Gud.