Esekiel 30

Herrens dag er nær for Egypt

1 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2 Menneske, tal profetord og sei:

Så seier Herren Gud:

Klag og rop: Å, for ein dag!

3 Dagen er nær, ¬ja, Herrens dag er nær.

Det er ein dag ¬med mørke skyer,

ei tid med dom over folkeslag.

4 Det kjem eit sverd mot Egypt.

I Nubia skal folket skjelva ¬av angst

når egyptarar vert drepne ¬og fell,

når rikdomen deira vert teken

og grunnmurane ¬vert nedrivne.

5 Dei som bur i Nubia, ¬Put og Lud,

alt blandingsfolket ¬og libyarane,

og menn i landet ¬som dei har pakt med,

skal falla for sverd ¬saman med dei.

6 Så seier Herren:

Dei som støttar egyptarane, ¬skal falla,

deira stolte makt ¬skal bryta saman;

frå Migdol til Syene ¬skal dei falla for sverd,

lyder ordet frå Herren Gud.

7 Egypt skal liggja audt ¬mellom øydelagde land,

og byane skal liggja ¬mellom øydelagde byar.

8 Då skal dei sanna ¬at eg er Herren,

når eg set eld på Egypt,

og alle som hjelper landet, ¬vert knuste.

9 Den dagen skal sendebod ¬frå meg dra av stad,

dei dreg ut på skip

for å skræma ¬dei trygge nubiarane.

Dei skal skjelva av angst

når dagen kjem for Egypt.

Ja sjå, han kjem!

10 Så seier Herren Gud:

Eg lèt Nebukadnesar, ¬kongen i Babylonia,

gjera ende på ¬den ståkande hopen i Egypt.

11 Han og folket hans med han,

dei verste valdsmenn ¬mellom folka,

skal koma dit og herja landet.

Dei skal dra sine sverd ¬mot Egypt

og fylla landet med drepne.

12 Eg lèt elvane turka ut

og sel landet til vonde menn.

Både det og alt som er i det,

lèt eg framande øydeleggja.

Eg, Herren, har tala.

13 Så seier Herren Gud:

Eg vil gjera ende på avgudane,

rydja ut dei gagnlause gudane ¬i Nof;

det skal aldri meir ¬vera nokon fyrste i Egypt.

Såleis spreier eg redsle i landet.

14 Eg legg Patros i øyde,

set eld på Soan

og held dom over No.

15 Eg lèt min harme ¬gå ut over Sin,

den sterke festningsbyen ¬i Egypt,

og rydjar ut folkehopen i No.

16 Når eg set eld på Egypt,

må Sin vri seg og skjelva.

No vert storma av fiendar,

og Nof vert teke ¬midt på ljose dagen.

17 Dei unge menn i On ¬og Pi-Beset

skal falla for sverd,

dei andre må fara ¬i fangenskap.

18 I Takpanhes vert dagen mørk;

der bryt eg styrarstavane ¬i Egypt,

så den stolte makta i landet ¬tek slutt.

Mørke skyer ¬skal liggja over byen,

døtrene der ¬må fara i fangenskap.

19 Eg fullfører domen over Egypt,

og dei skal sanna ¬at eg er Herren.

Faraos makt er broten

20 I det ellevte året, den sjuande dagen i den fyrste månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

21 Menneske, eg har brote armen

på farao, kongen i Egypt.

Sjå, ingen har fetla han,

så han kan verta frisk att.

Ingen har lagt forbinding ¬på han,

så han vert sterk nok ¬til å gripa sverdet.

22 Difor seier Herren Gud:

No går eg mot farao, ¬kongen i Egypt.

Eg vil knekkja armane hans,

både den sterke og den brotne,

og sverdet slår eg ¬or handa hans.

23 Så spreier eg egyptarane ¬mellom folka

og strøyer dei ut i landa.

24 Eg gjer babylonarkongens ¬armar sterke

og gjev han sverdet mitt ¬i handa;

men armen til farao bryt eg,

så han ligg for hans føter

og styn med banesår.

25 Når eg gjer babylonarkongens ¬armar sterke,

men lèt faraos armar siga,

då skal de sanna ¬at eg er Herren.

For eg legg mitt sverd ¬i babylonarkongens hand,

og han retter det mot Egypt.

26 Når eg spreier egyptarane ¬mellom folka

og strøyer dei ut i landa,

då skal dei sanna ¬at eg er Herren.