Edom skal verta ei øydemark
1 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
2 Menneske, vend deg mot Se’ir-fjellet og tal profetord mot det!
3 Sei til det:
Så seier Herren Gud:
Sjå, eg kjem mot deg, ¬Se’ir-fjell;
eg retter ut handa mot deg
og gjer deg audt og øyde.
4 Byane dine legg eg i røys,
og sjølv skal du verta ei audn.
Då skal du sanna ¬at eg er Herren.
5 Fordi du bar ¬på eldgamal fiendskap,
gav du Israels søner til sverdet
den tid ulukka kom over dei,
og dei fekk si endelege straff.
6 Difor, så sant eg lever,
lèt eg deg blø, ¬seier Herren Gud,
og blod skal forfylgja deg.
Du rende ut blod
og førte over deg skuld,
difor skal blodet ¬sanneleg forfylgja deg.
7 Eg gjer Se’ir-fjellet audt ¬og øyde
og rydjar ut dei ¬som ferdast der.
8 Eg fyller fjella der med drepne.
På alle haugar, ¬i dalar og bekkefar
fell menn som vert drepne ¬med sverd.
9 Eg gjer deg til ei evig audn,
byane dine ¬skal liggja folketome.
Då skal de sanna ¬at eg er Herren.
10 Fordi du sa: «Dei to folka og dei to landa skal verta mine; vi tek dei jamvel om Herren er der,»
11 difor seier Herren Gud: Så sant eg lever, eg vil gjera med deg som du har fortent etter den vreide og iver du viste i ditt hat mot dei. Eg vil gjera meg kjend hjå deg når eg dømer deg.
12 Du skal vita at eg, Herren, har høyrt alle spottorda du tala mot fjella i Israel då du sa: «Dei ligg aude; vi har fått dei til livberging.»
13 De tala i hovmod og bruka mange ord imot meg. Eg har nok høyrt det.
14 Så seier Herren Gud: Til glede for heile jorda gjer eg deg til ei audn.
15 Fordi du gledde deg då Israels arveland vart lagt i øyde, lèt eg det same henda med deg. Se’ir-fjellet og heile Edom skal verta ei audn. Då skal dei sanna at eg er Herren.