Alt er fåfengd
1 Ord av Forkynnaren, son til David, konge i Jerusalem.
2 Berre fåfengd, ¬seier Forkynnaren,
berre ideleg fåfengd!
3 Kva vinning har mennesket ¬av alt sitt strev,
som det møder seg med ¬under sola?
4 Ætter går, og ætter kjem,
men jorda står alltid ved lag.
5 Sola renn, og sola glader,
så skundar ho seg attende
til staden der ho går opp.
6 Vinden blæs mot sør,
så snur han mot nord;
støtt snur og skifter han
og tek atter til ¬på same rundgang.
7 Alle elvar renn ut i havet,
men havet vert ikkje fullt;
dit elvane før har runne,
held dei fram med å renna.
8 Mannen trøytnar av å tala
og får ikkje sagt det han vil.
Auga vert ikkje mett av å sjå,
og øyra får aldri nok ¬av å høyra.
9 Det som var, skal alltid vera,
og det som hende, ¬skal atter henda.
Det finst ingenting nytt ¬under sola.
10 Vert det sagt om eitkvart: ¬«Sjå, dette er nytt»,
har det likevel funnest før,
alt ifrå eldgamal tid.
11 Ingen tenkjer på ætter ¬som var;
og ætter som ein gong kjem,
vil heller ikkje leva i minnet
hjå dei som sidan fylgjer.
Forkynnaren vil granska livet
12 Eg, Forkynnaren, var konge
over Israel, i Jerusalem.
13 Eg sette meg føre å granska
og ransaka med visdom
alt det som hender ¬under himmelen.
Det er eit plagsamt strev
Gud har gjeve menneska.
14 Eg såg på alt det som hender,
og det som vert gjort ¬under sola.
Sjå, alt er fåfengd ¬og jag etter vind.
15 Det som er kroket, ¬kan ikkje beinkast,
og det som vantar, ¬kan ikkje teljast.
16 Eg tenkte med meg:
Sjå, eg har fått større ¬og rikare visdom
enn alle dei som har styrt
i Jerusalem før meg.
Mykje har eg røynt ¬av visdom og kunnskap.
17 Eg la vinn på ¬å læra visdom å kjenna,
å få kjennskap ¬til vitløyse og dårskap.
Men eg fann at det òg ¬er jag etter vind.
18 For med stor visdom ¬fylgjer mange suter.
Den som aukar sin kunnskap, ¬aukar si kvide.