Tenk på din skapar!
1 Tenk på din skapar ¬i ungdoms år,
før dei vonde dagane kjem,
før det lid til dei år ¬då du må seia:
«Eg likar dei ikkje,»
2 før solljos og måne ¬og stjerner mørkjest,
og skyene kjem att ¬etter regnet.
3 Då skjelv dei som vaktar huset,
og dei sterke mennene ¬krøkjest.
Dei som mel på kverna, ¬held opp med sitt arbeid,
fordi dei har vorte så få;
og dei som ser ut ¬gjennom gluggane, dimmest.
4 Begge gatedørene vert ¬stengde,
og kvernduren er døyvd;
fuglekvitringa tagnar,
og alle songmøyane ¬vert lågmælte.
5 Då syter ein for kvar bakke,
og skræmsler lurer på vegen.
Mandeltreet blømer,
grashoppa slepar seg fram,
og kapersen misser si kraft.
For mennesket går ¬til sin evige bustad;
dei som skal gråta, ¬ventar på gata.
6 Ja, tenk på din skapar
før sølvsnora slitnar ¬og gullskåla brest,
før krukka går sund ¬attmed kjelda,
og hjulet brotnar ¬og fell i brunnen,
7 før støvet vender attende ¬til jorda,
og ånda går til Gud, ¬som gav henne.
8 Berre ideleg fåfengd, ¬seier Forkynnaren;
alt er fåfengd!
Ordtaka åt Forkynnaren
9 Forkynnaren var ein vismann, og han gav folket kunnskap. Han grunda og granska og laga mange ordtak.
10 Forkynnaren la vinn på å finna gode ord og vendingar og skreiv ned det som er rett og sant.
11 Ord av vismenn ¬er som broddar,
fyndord i samling ¬trengjer inn som naglar.
Dei kjem frå ein ¬og same hyrdingen.
12 Men elles, son min, ¬lat deg åtvara!
Det er ingen ende ¬på all bokskrivinga,
og mykje gransking ¬leitar på kroppen.
13 Til sist ¬kan alt samlast i dette:
Ottast Gud, og hald hans bod!
Det bør alle menneske gjera.
14 For Gud ¬skal døma kvar gjerning,
halda dom over alt ¬som er løynt,
anten det er godt eller vondt.