Forkynnaren 2

Kva skal glede og rikdom tena til?

1 Eg tenkte med meg:

No vil eg prøva gleda

og nyta det som er godt!

Men det òg var fåfengd.

2 Om låtten sa eg: ¬«Han er vitlaus»,

og om gleda: ¬«Kva skal ho tena til?»

3 Då fekk eg den tanken

at eg skulle kveikja meg ¬med vin,

men la vitet styra meg ¬med visdom.

Eg ville halda meg ¬til dårskapen

til eg fekk sjå kva som er best

for menneska under himmelen

den korte tida livet varer.

4 Så sette eg store ting ¬i verk:

Eg bygde hus ¬og planta vingardar,

5 stelte til hagar og parkar

og sette alle slag frukttre ¬i dei.

6 Eg bygde dammar til å vatna

ein skog med tre ¬som voks opp.

7 Eg kjøpte trælar ¬og trælkvinner,

og andre trælar ¬var fødde i mitt hus.

Storfe og småfe fekk eg meg òg,

i større mengd enn alle dei

som levde i Jerusalem før meg.

8 Sølv og gull samla eg meg òg,

og rikdom ¬frå andre kongar og land.

Eg fekk meg songarar ¬og songarinner

og det som er ein hugnad ¬for menn,

kvinner og atter kvinner.

9 Eg vart stor, ¬ja, større enn alle dei

som levde i Jerusalem før meg.

Men visdomen min ¬heldt eg fast ved.

10 Alt det augo ynskte,

lét eg dei få;

eg nekta meg inga glede.

Hjarta gledde seg ¬over alt mitt strev,

og det var løna ¬for all mi møde.

11 Men så gav eg meg ¬til å tenkja over

alt det eg hadde gjort ¬med mine hender,

det eg hadde streva ¬og slite med.

Sjå, alt var fåfengd ¬og jag etter vind.

Det er ingenting å vinna ¬under sola.

Visdom og dårskap

12 Eg gav meg òg ¬til å tenkja over

visdom, vitløyse og dårskap.

Kva skal vel kongens ¬ettermann gjera?

Det same som andre har gjort ¬for lenge sidan.

13 Eg såg at visdom ¬er betre enn dårskap,

liksom ljoset ¬er betre enn mørkret.

14 Den vise har augo i hausen,

medan dåren ferdast i mørker.

Men eg skjøna òg

at same lagnaden ¬møter dei begge.

15 Då tenkte eg med meg:

Som det går dåren, ¬så går det meg òg.

Kva skal all min visdom ¬tena til?

Eg tenkte med meg:

Det òg er fåfengd.

16 For minnet om den vise

lever ikkje lenger ¬enn minnet om dåren.

I dagar som kjem,

er alt for lenge sidan gløymt.

Ja, den vise må døy, ¬han liksom dåren.

17 Då vart eg lei av livet,

for eg lika ille ¬det som hender under sola.

Alt er fåfengd ¬og jag etter vind.

18 Eg vart lei av alt mitt strev,

alt slitet eg har hatt ¬under sola.

For alt må eg lata over

til den som kjem etter meg.

19 Kven veit om det vert ein vis ¬eller ein dåre

som skal rå over det ¬eg har vunne

med mitt strev og min visdom ¬under sola?

Det òg er fåfengd.

20 Då vart eg reint motlaus

for alt det strev ¬eg har hatt under sola.

21 For det hender ¬at eit menneske strevar

med visdom, kunnskap ¬og dugleik

og må gje det i arv ¬til ein annan

som ikkje har hatt noko bry ¬med det.

Det òg er fåfengd, ¬ei stor ulukke.

22 Kva har då mennesket att

for alt sitt slit og strev

som han har plaga seg med ¬under sola?

23 Alle hans dagar ¬er fulle av pinsle,

og alt det han driv med, ¬valdar sorg.

Ikkje eingong om natta

får hjarta hans kvila.

Det òg er fåfengd.

Alt er ei gåve frå Gud

24 Det beste eit menneske ¬kan gjera,

er å eta og drikka

og unna seg gode dagar

midt i alt sitt strev.

Men eg fekk sjå at det òg

kjem frå Guds hand.

25 For kven kan utan han

eta og vera glad?

26 Ja, Gud gjev visdom

og kunnskap og glede

til dei menneske ¬han synest om.

Men syndarar gjev han strevet

med å samla og sanka,

og sidan må dei gje det alt

til dei som Gud synest om.

Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind.