Alt har si tid
1 Alt har si faste tid,
alt som hender ¬under himmelen, har si tid:
2 ei tid til å fødast, ei til å døy,
ei tid til å planta, ¬ei til å riva opp;
3 ei tid til å drepa, ¬ei til å lækja,
ei tid til å riva, ei til å byggja;
4 ei tid til å gråta, ei til å le,
ei tid til å syrgja, ei til å dansa;
5 ei tid til å kasta steinar, ¬ei til å samla dei,
ei tid til å ta i famn, ¬ei til å la det vera;
6 ei tid til å leita, ¬ei til å missa,
ei tid til å gøyma, ei til å kasta;
7 ei tid til å riva sund, ¬ei til å bøta,
ei tid til å teia, ei til å tala;
8 ei tid til å elska, ¬ei til å hata,
ei tid til krig og ei til fred.
Tid og æve
9 Kva vinning har den ¬som arbeider,
av alt sitt strev?
10 Eg såg det plagsame strevet
som Gud ¬har gjeve menneska.
11 Alt skapte han fagert i si tid.
Jamvel æva har han lagt ¬i hjarta deira.
Men dei skjønar ikkje det verk
som Gud har gjort ¬frå fyrst til sist.
12 Eg skjøna at ingen ting ¬er betre for dei
enn å gleda seg ¬og gjera vel i livet.
13 Men når ein mann ¬får eta og drikka
og vera lukkeleg ¬i alt sitt strev,
er det òg ei gåve frå Gud.
14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,
varer til evig tid.
Ikkje kan ein leggja noko til,
og ikkje kan ein ta noko ifrå.
Gud har laga det så
for at menneska ¬skal ha age for han.
15 Det som er, har eingong vore,
og det som skal henda, ¬har hendt før.
Gud tek fram att det ¬som kvarv.
16 Elles såg eg under sola:
Der retten skulle rå, ¬var vondskap,
på rettferds stad var gudløyse.
17 Då tenkte eg med meg:
Det er Gud som skal døma
både rettferdige og vonde.
Han har fastsett ei tid
for kvart tiltak og kvar gjerning.
Same lagnaden for menneske og dyr
18 Eg tenkte med meg ¬om menneska:
Gud prøver dei så dei kan sjå
at dei i seg sjølve ¬ikkje er meir enn dyr.
19 Same lagnaden ventar
både menneske og dyr.
Den eine skal døy ¬som den andre,
same livsanden har dei alle.
Menneske har ingen føremon ¬framfor dyr.
For alt er fåfengd.
20 Alle går til same staden.
Av jord er alle komne,
og til jord skal dei atter verta.
21 Kven veit om menneskeånda ¬stig opp,
medan dyreånda ¬fer ned i jorda?
22 Eg såg at det beste ¬mannen kan gjera,
er å gleda seg i sitt arbeid;
det er den lut han har fått.
For kven lèt han sjå
det som sidan skal koma?