1 Salomos høgsong.
Lengt etter kjærleik
2 Gjev han ville kyssa meg
med kyss av sin munn!
Din kjærleik er betre enn vin.
3 Ljuvleg er dåmen ¬av dine salvar;
ein angande salve ¬er ditt namn,
difor held møyane av deg.
4 Ta meg med! ¬Kom, lat oss springa!
Kongen har ført meg ¬inn i sin kove.
Vi vil fegnast ¬og gleda oss over deg
og prisa din kjærleik ¬meir enn vin.
Hugheilt elskar dei deg.
Svart, men ven
5 Svart er eg, men ven,
de Jerusalems møyar,
som Kedars tjeldbuer,
som Salomos tjelddukar.
6 Sjå ikkje på at eg er så svart,
at sola har brent meg.
Sønene åt mor mi ¬harmast på meg,
dei sette meg ¬til å vakta vingardane.
Min eigen vingard ¬har eg ikkje vakta.
Kvar gjæter du di hjord?
7 «Sei meg, ¬du som eg har så kjær,
kvar gjæter du di hjord?
Kvar lèt du henne kvila ¬ved middagstid?
Kvi skal eg gå ¬som ei kvinne med slør
der venene dine ¬gjæter si hjord?»
8 «Veit du det ikkje,
du fagraste av kvinner,
så fylg berre faret etter flokken,
og lat dine kje få beita
innmed hyrdingbuene!»
Kor fager du er, min hugnad!
9 «Med folane for faraos vogner
vil eg likna deg, min hugnad.
10 Vene er dine kinn, ¬prydde med band,
og din hals med perler.
11 Lekkjer av gull skal vi laga deg
og med sølvperler på.»
12 Ljuvleg angar ¬min nardussalve
så lenge kongen er med i laget.
13 Min ven er lik myrrabunten
som kviler ved min barm.
14 Min ven ¬er som ein blømande kvist
på hennabusken ¬i En-Gedis hagar.
15 «Kor fager du er, min ven,
ja, fager med augo som duer!»
16 «Kor fager du er, min ven,
kor yndefull du er!
Og vårt lægje ¬er grornæmt og grønt.
17 Sedrar er bjelkar i vårt hus,
sypressar er tak og himling.»