Høgsongen 3

1 Om natta leita eg på lægjet

etter han ¬som leikar i min hug.

Eg leita, men fann han ikkje.

2 «Eg vil opp ¬og gå ikring i byen

og leita på gater og torg

etter han som leikar ¬i min hug.»

Eg leita, men fann han ikkje.

3 Eg møtte vaktmennene ¬som sveiv ikring i byen:

«Har de sett han ¬som leikar i min hug?»

4 Eg hadde ikkje før gått frå dei,

så fann eg han ¬som leikar i min hug.

Eg tok tak i han ¬og sleppte han ikkje

før eg fekk han inn ¬i huset åt mor mi,

i koven åt ho som fødde meg.

5 Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer,

ved gasellane ¬og hindane i marka:

Vekk ikkje kjærleiken!

Eggja han ikkje ¬før sjølv han vil!

Brudgomen kjem

6 Kva er det som stig opp ¬frå øydemarka

som ei røyksøyle,

omfløymd av angande myrra ¬og røykjelse

og kræmarkrydder ¬av alle slag?

7 Sjå, det er Salomos berestol

med seksti kjemper ikring

av Israels djervaste menn.

8 Alle er væpna med sverd

og vel røynde i strid.

Kvar mann ber sverd ved lend

til vern mot skræmsler i natta.

9 Kong Salomo laga ein berestol

av tre frå Libanon.

10 Stengene gjorde han av sølv

og ryggstøet av gull.

Sessen er kledd med purpur

og innsidene prydde med ler.

11 Kom ut, Jerusalems døtrer!

Skoda kong Salomo, ¬Sions døtrer!

Sjå krona som mor hans

prydde han med ¬på bryllaupsdagen,

hans hjartans glededag.