Kvar er din ven faren?
1 «Kvar er din ven faren,
du fagraste av kvinner?
Sei, kvar har din ven ¬teke vegen,
så vi kan vera med deg ¬og leita.»
2 «Min ven gjekk ned ¬i hagen sin,
til dei angande blomesenger.
Han ville gjæta i hagane
og sanka liljer der.
3 Min ven er min, og eg er hans,
han som gjæter mellom liljer.»
Ho er den einaste
4 Du er fager som Tirsa, ¬min hugnad,
yndefull som Jerusalem,
ageleg som ein hær ¬under merke.
5 Vend augo dine frå meg,
dei villar meg.
Ditt hår er som ein geiteflokk,
dansande nedetter ¬Gileads fjell.
6 Dine tenner er som sauer,
nett komne or laug.
Tvillingar har dei alle,
og ingen av dei ¬har mist sine lam.
7 Som ei skive av eit granateple
er di panne attom sløret.
8 Seksti dronningar er der,
åtti fylgjekoner
og terner utan tal.
9 Men berre ei er mi due,
mi lytelause, reine,
einaste barnet til mor si,
gullabarnet åt ho ¬som fødde henne.
Møyar ser henne ¬og prisar henne sæl;
dronningar og fylgjekoner ¬hyller henne.
10 «Kven er ho ¬som strålar lik ¬morgonroden,
fager som fullmånen, ¬skir som sola
og ageleg ¬som ein hær under merke?»
I natahagen
11 Eg gjekk ned i natahagen,
ville sjå kor det grønkast ¬i dalen,
om vintreet hadde sett ¬nye skot,
om granataplane blømde.
12 Men før eg vardest,
fylgde eg mine hugskot
og steig opp ¬i min gjæve frendes vogn.
Sjulam-jenta
13 «Snu deg, snu deg, ¬du Sjulam-jente!
Snu deg, snu deg, ¬så vi får sjå deg!»
«Kvifor vil de sjå ¬på Sjulam-jenta
når ho rekkjedansen trør?»