Høgsongen 7

1 Kor fagert du skrid fram ¬i dine skor,

du gjæve hovdingdotter!

Hoftene dine rundar seg ¬som ei sølje,

smidd av kunstnarhand.

2 Fanget ditt ¬er som runde staupet,

gjev det aldri må vanta vin!

Magen er som ein kveitehaug

med liljer ikring.

3 Barmen er som to rådyrkalvar,

tvillingar til ei hind.

4 Halsen din ¬er som eit elfenbeinstårn,

augo som Hesjbons tjørner

ved Bat-Rabbim-porten.

Nasen liknar Libanon-tårnet

som skodar ut mot Damaskus.

5 Hovudet ris som Karmel,

hårflaumen er som purpur.

Ein konge er fanga ¬i dine lokkar.

6 Kor fager, kor yndefull du er,

du mi kjære, du min hugnad!

7 Rakvaksen er du som palma,

som druer er din barm.

8 Eg bed: ¬Lat meg stiga opp i palma,

i greinene vil eg ta tak.

Som druer på vintreet ¬vere din barm,

din ande som angen av eple,

9 din munn som den finaste vin.

«Lat han kveikja munnen ¬på min ven,

lat han gli over lipper ¬og tenner!»

Kom, min ven!

10 Eg høyrer venen min til,

og til meg står heile hans trå.

11 Kom, min ven! ¬Lat oss gå ut på markene!

Om natta vil vi sova ¬under hennabuskar.

12 I otta går vi til vingardane

og ser om vintreet ¬har sett nye skot,

om blomeknuppane ¬har opna seg,

om granataplane blømer.

Der vil eg gje deg min kjærleik.

13 Kjærleiksepla angar.

Over vår dør ¬heng dei gildaste frukter

av alle slag, nye og gamle.

Til deg, min ven, ¬har eg gøymt dei.