Israel skal tuktast for si doble skuld
1 Israel var eit frodig ¬vintre,
som bar mykje frukt.
Di meir frukt det bar,
di fleire altar bygde dei.
Di betre det gjekk deira land,
di fagrare steinstøtter laga dei.
2 Hjarta deira er falskt,
no skal dei få bøta.
Herren skal bryta ned ¬deira altar
og øydeleggja ¬deira steinstøtter.
3 Ja, no må dei seia:
«Vi har ingen konge,
for vi har ikkje hatt age ¬for Herren.
Og kongen, ¬kva kan han gjera for oss?»
4 Dei har tala tome ord,
svore falskt og gjort pakt.
Domen renn opp ¬som giftige planter
i åkerfòrene.
5 Dei som bur i Samaria,
er redde for kalven ¬i Bet-Aven.
Folket syrgjer over han,
og prestane hans klagar,
for hans herlegdom ¬er ført bort frå dei.
6 Kalven òg skal førast til Assyria
som ei gåve til storkongen.
Skam skal Efraim få,
Israel skal verta til skammar
på grunn av sine planar.
7 Kongen i Samaria skal kverva
som ei treflis på vatnet.
8 Øydast skal Avens ¬offerhaugar,
der israelittane synda.
Torn og tistel skal veksa
oppetter altara deira.
Dei skal seia til fjella: ¬Gøym oss!
og til haugane: Fall over oss!
9 Du har synda, Israel, ¬frå Gibeas dagar.
Den gongen gjorde dei opprør.
Skal då ikkje krigen ¬nå dei i Gibea?
Eg vil koma ¬over ugjerningsmennene,
10 etter min hug vil eg tukta dei.
Folkeslag skal samla seg ¬mot dei
når dei vert tukta ¬for si doble skuld.
11 Efraim var lik ei tamd kvige
som gjerne ville treskja.
Men eg la åk ¬på hennar fagre hals.
Eg spente Efraim føre,
Juda pløgde, og Jakob horva.
12 Så rettferds sæde,
og hausta truskaps frukt,
bryt dykk nybrot!
For no er det tid ¬til å søkja Herren,
før han kjem
og lèt rettferd regna over dykk.
13 De har pløgt ned vondskap ¬og hausta urett,
og den frukta de et, er lygn.
For du sette lit til di ferd
og til alle dine krigarar.
14 Difor skal det reisa seg
stridsgny i ditt folk,
og alle dine borger ¬skal øydeleggjast,
liksom Sjalman ¬øydela Bet-Arbel
på stridens dag, ¬då mor og born vart knuste.
15 Såleis vil eg gjera med dykk ¬i Betel
fordi dykkar vondskap er stor.
Når det ljosnar av dag,
er det ute, ja ute ¬med Israels konge.