Guds kjærleik til Israel
1 Då Israel var ung, ¬fekk eg han kjær,
frå Egypt kalla eg son min.
2 Men di meir eg ropa på folket,
di meir gjekk dei bort frå meg.
Dei ofra til Ba’al-gudane,
brende offer for gudebilete,
3 – endå eg lærte Efraim å gå
og tok dei på armane mine;
men dei skjøna ikkje ¬at eg lækte dei.
4 Eg drog dei med milde band,
ja, med kjærleiks taumar.
Eg stelte med dei ¬liksom bonden
som lyfter åket frå nakken;
eg bøygde meg ned ¬og gav dei mat.
5 Dei skal ikkje koma attende ¬til Egypt,
men Assur ¬skal vera kongen deira,
for dei vil ikkje venda om.
6 Sverdet skal rasa i byane deira,
bryta sund bommane ¬og eta om seg,
for deira planar er vonde.
7 Mitt folk heng fast ¬ved sitt fråfall frå meg.
Dei ropar alle til Den Høge,
men han reiser dei ikkje opp.
8 Korleis kan eg gje deg opp, ¬Efraim,
la deg fara, Israel?
Korleis gje deg opp som Adma,
gjera med deg ¬som med Sebojim?
Hjarta vender seg i meg,
all min medynk vaknar.
9 Eg vil ikkje fylgja ¬min brennande vreide,
vil ikkje atter tyna Efraim.
For eg er Gud ¬og ikkje eit menneske,
heilag midt imellom dykk;
eg vil ikkje koma med harme.
10 Dei skal halda seg til Herren.
Han skal brøla som ei løve.
Og når han brøler, ¬skal sønene hans
koma skjelvande frå vest.
11 Skjelvande skal dei koma
som ein fugl frå Egypt,
som ei due frå Assur.
Eg vil la dei bu i husa sine,
lyder ordet frå Herren.