Hosea 4

Herrens klagemål mot eit trulaust folk

1 Høyr Herrens ord, ¬de Israels søner!

Herren har sak med dei ¬som bur i landet.

For det er inga sanning i folket

og ingen truskap ¬og gudskjennskap.

2 Dei sver og lyg, myrdar og stel,

bryt ekteskapet og fer ¬med vald;

mord fylgjer på mord.

3 Difor skal landet visna,

og alle som bur der, ¬tærast bort;

både dyra på marka ¬og fuglane i lufta,

jamvel fisken i havet ¬skal rydjast ut.

4 Ingen skal klaga ¬eller refsa nokon.

Folket ditt liknar dei ¬som trettar med ein prest.

5 Du skal falla om dagen,

og profeten skal falla ¬med deg om natta;

og mor di vil eg tyna.

6 Folket mitt skal gå til grunne

fordi det ikkje kjenner Gud.

Sidan du har vraka ¬kjennskapen til han,

vrakar eg deg som prest.

Du gløymde lova åt din Gud,

difor gløymer eg òg ¬dine søner.

7 Så mange dei er, ¬har dei synda mot meg,

si ære bytte dei bort i skam.

8 Dei lever av mitt folks synd

og lengtar etter deira ¬misgjerning.

9 Difor går det presten ¬som folket;

eg vil straffa han for hans ferd

og løna han ¬for hans gjerningar.

10 Dei skal eta og ikkje mettast,

driva utukt og ikkje auka i tal;

for dei har vendt seg bort ¬frå Herren

og bryr seg ikkje om han.

11 Utukt, vin og annan rusdrikk

gjer ende på vitet.

12 Folket mitt spør si trestøtte ¬til råds,

og spådomsstaven ¬gjev dei svar.

For ei utuktsånd ¬har ført dei vilt,

i truløyse har dei falle ¬frå sin Gud.

13 Øvst oppå fjella ofrar dei;

dei brenner offer på haugane,

under eiker, poplar ¬og terebinter,

for skuggen av dei er god.

Difor driv døtrene ¬dykkar utukt,

og sonekonene ¬bryt ekteskapet.

14 Eg vil ikkje straffa ¬døtrene dykkar

fordi dei driv utukt,

eller sonekonene ¬fordi dei bryt ekteskapet;

for mennene gøymer seg bort ¬med horkvinner

og ofrar saman ¬med tempelskjøkjer.

Det folket som ikkje har vit, ¬skal falla.

15 Om du driv utukt, Israel,

må ikkje Juda føra skuld ¬over seg!

Gå ikkje til Gilgal,

far ikkje opp til Bet-Aven,

og sver ikkje: ¬«Så sant Herren lever!»

16 For Israel er trassig ¬som ei ustyrleg ku.

Skal då Herren la dei beita

som lam på vide marker?

17 Efraim er bunden ¬til gudebilete

– lat han berre fara!

18 Når deira drikkelag er slutt,

går dei bort og driv utukt.

Dei elskar skamma Œt dei skamlause.

19 Ein storm skal gripa dei ¬med sine venger,

dei skal verta til skammar ¬med sine offer.