Gud vil ha truskap
1 Kom, lat oss venda om ¬til Herren!
For han som reiv sund, ¬vil lækja oss;
han som slo, ¬vil binda om våre sår.
2 Han vekkjer oss til liv ¬etter to dagar,
den tredje dagen ¬reiser han oss opp,
så vi kan leva for hans åsyn.
3 Lat oss læra å kjenna Herren,
ja, jaga etter å kjenna han!
Han kjem like visst
som ljoset om morgonen.
Han kjem til oss som regnet,
lik vårregn som væter jorda.
4 Kva skal eg gjera med deg, ¬Efraim?
Kva skal eg gjera med deg, ¬Juda?
Dykkar truskap ¬er som ei morgonsky,
lik dogg som tidleg kverv.
5 Difor gjev eg dei hogg ¬ved profetane,
eg drep dei ¬med ord frå min munn;
mine domsord mot deg ¬går fram som ljoset.
6 For eg vil ha truskap, ¬ikkje slaktoffer,
gudskjennskap heller ¬enn brennoffer.
Skamlaust verk har Israel gjort
7 Dei braut pakta i Adam,
der var dei trulause mot meg.
8 Gilead er ein by ¬med ugjerningsmenn,
han er full av blodspor.
9 Presteflokken er lik røvarar
som ligg på lur etter menneske;
dei myrdar på vegen til Sikem.
Ja, skamlaust verk ¬har dei gjort.
10 I Israels hus ser eg fæle ting;
der driv Efraim utukt,
der gjer Israel seg urein.
11 For deg òg, Juda,
er det fastsett ein haust.