Herren gjer ende på filistarane
1 Dette er Herrens ord som kom til profeten Jeremia om filistarane, før farao slo Gasa.
2 Så seier Herren:
Sjå, vatnet stig frå nord
og vert til ei fløymande elv;
ho renn ut over landet ¬og alt som i det er,
byane og dei som der bur.
Menneska klagar og skrik,
alle som bur i landet, jamrar
3 når dei høyrer hovslag ¬av sterke hestar,
vogner som ramlar ¬og hjul som dundrar.
Fedrane ser ikkje etter borna,
hendene deira er som lame.
4 For dagen er komen
då filistarane ¬skal gå heilt til grunne.
I Tyrus og Sidon ¬vert dei utrudde alle
som slapp unna ¬og kunne hjelpa.
For Herren gjer ende ¬på filistarane,
dei som er att ¬av folket frå Kaftor-øya.
5 Gasa er raka snau,
Asjkalon har tagna.
Du som er att nedi låglandet,
kor lenge vil du rispa deg opp?
6 Å, du Herrens sverd,
kor lenge skal det vara
før du fell til ro?
Dra deg inn att i slira,
og hald deg still ¬og roleg!
7 Korleis kan det falla til ro?
Herren har då kalla det ut,
sendt det til Asjkalon ¬og til havsens strand.