Ei ulukke trugar
1 Berga dykk, ¬Benjamins søner,
kom dykk bort frå Jerusalem!
Blås i horn i Tekoa,
reis merkestong ¬på Bet-Hakkerem!
For ei ulukke trugar frå nord,
ei stor øydelegging.
2 Eg gjer ende på Sions dotter,
den fine, bortskjemde kvinna.
3 Til henne skal gjætarar koma
med saueflokkane sine.
Dei slår opp telt ikring henne
og kvar sitt stykke ¬beiter dei snautt.
4 «Lys heilag krig mot henne!
Kom, lat oss gå til åtak ¬midt på dagen!»
«Ve oss, det lid mot kveld,
og skuggane lengjest.»
5 «Kom, lat oss gå til åtak i natt
og øydeleggja borgene ¬i byen!»
6 Så seier Herren, Allhærs Gud:
Fell tre og kast opp ein voll,
Jerusalem skal kringsetjast.
Byen skal krevjast ¬til rekneskap,
han er full av vald og urett.
7 Som ei kjelde ¬lèt vatnet strøyma fram,
lèt byen vondskapen strøyma.
Der høyrer ein om vald ¬og ran,
støtt ser eg liding og sår.
8 Jerusalem, ta lærdom av dette,
elles vender eg meg frå deg
og gjer deg til ei audn,
til eit land der ingen kan bu.
Åtvaring til dei som ikkje vil høyra
9 Så seier Herren, Allhærs Gud:
Hald ettersanking ¬som på eit vintre,
hald ettersanking på ¬Israels rest!
Gå endå ein gong ¬over rankene med handa
lik ein som plukkar druer!
10 «Kven skal eg tala til
og åtvara, så dei høyrer det?
Øyro deira er uomskorne,
dei kan ikkje høyra etter.
Dei driv spott med Herrens ord
og bryr seg ikkje om det.
11 Men eg er full ¬av Herrens harme,
eg greier ikkje å halda han att.»
Så aus han ut over borna ¬på gata
og over heile ungdomsflokken!
Både mann og kvinne ¬skal fangast,
gamle menn og oldingar.
12 Husa deira skal koma ¬i annan manns eige,
deira jorder og kvinner ¬like eins.
For no retter eg ut mi hand
mot dei som bur i landet,
lyder ordet frå Herren.
13 For alle saman, små og store,
søkjer urett vinning.
Profetar og prestar ¬fer alle med svik.
14 Lettvint lækjer dei ¬skaden i mitt folk,
når dei seier: «Fred, fred!»
– og så er det ingen fred.
15 Dei skal verta til skammar,
for stygge ting har dei gjort.
Likevel skjemmest dei ikkje,
og blygsle veit dei ikkje av.
Difor skal dei falla som hine;
på den tid eg krev dei ¬til rekneskap,
skal dei stupa, seier Herren.
Spør etter dei gamle stigane!
16 Så sa Herren:
Stå på vegane og sjå!
Spør etter dei gamle stigane,
etter vegen til det gode!
Ferdast på den, ¬så skal de finna kvile.
Men dei svara:
«Vi vil ikkje ferdast der.»
17 Eg sette vaktmenn over dykk ¬og sa:
«Lyd etter når hornet ljomar!»
Men dei svara:
«Vi vil ikkje lyda.»
18 Høyr difor, de folkeslag,
og merk dykk, de som er samla,
det som skal henda ¬mellom dei!
19 Lyd etter, du jord!
No fører eg ulukke ¬over dette folket,
ei frukt av deira vonde tankar.
For dei høyrde ikkje ¬på mine ord,
og dei vanvørde mi lov.
20 Kva skal eg med røykjelse ¬frå Saba
og dei beste krydder ¬frå land langt borte?
Brennoffera dykkar ¬vil eg ikkje ha,
slaktoffera har eg ikkje ¬hugnad i.
21 Difor seier Herren:
Sjå, eg legg støytesteinar
for dette folket, så det fell;
fedrar og søner skal missa livet,
granne skal døy ¬saman med granne.
Fienden frå nord
22 Så seier Herren:
Det kjem eit folk ¬frå landet i nord,
eit mektig folk tek ut
frå utkanten av jorda.
23 Spyd og boge har dei i handa,
harde er dei og sparer ingen.
Larmen av dei ¬lyder som havdur,
på hestar kjem dei ridande.
Budde som stridsmenn
fer dei mot deg, Sions dotter.
24 Då vi høyrde ryktet om dei,
vart våre hender kraftlause.
Vi vart gripne av angst
og skalv ¬som ei fødande kvinne.
25 Gå ikkje ut på marka
og ferdast ikkje på vegen!
For fienden har sverd,
rundt ikring rår redsle.
26 Bind syrgjeplagg om deg, ¬mitt folk,
og velt deg i støvet!
Hald syrgjehøgtid ¬med bitter klage
som når einaste barnet døyr.
For brått kjem herjaren ¬over dykk.
Profeten skal prøva folket
27 Eg har sett deg ¬til å prøva folket mitt
lik ein som prøver gull;
du skal kjenna ¬og prøva deira ferd.
28 Trassige opprørarar er dei alle,
dei går rundt og baktalar folk;
dei er som bronse og jern
og ber seg vondt åt, alle saman.
29 Belgen blæs,
men blyet er urørt av elden.
Det nyttar ikkje å smelta,
dei vonde vert ikkje utskilde.
30 Vraka sølv skal dei kallast,
for Herren har vraka dei.