Damaskus og Efraim skal falla
1 Domsord mot Damaskus.
Sjå, no er det ute ¬med Damaskus!
Byen skal verta ein grushaug.
2 Byane kring Aroer ¬skal verta folketome;
buskapar skal liggja ¬og kvila der,
og ingen skal skræma dei.
3 Efraim skal missa si faste borg
og Damaskus sitt kongedøme.
Det som er att av Aram,
skal ikkje ha større ære ¬enn Israel,
lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.
4 Den dagen vert det smått ¬med Jakobs herlegdom,
hans gode hold tærest bort.
5 Det går som når skurdfolket
samlar aksa med armen
og skjer dei av;
det er som når ein sankar aks
nede i Refa’im-dalen.
6 Berre ein etterhaust vert att,
som når ein slår ned oliven:
to – tre frukter øvst i treet
og fire – fem på greinene,
lyder ordet frå Herren, ¬Israels Gud.
7 Den dagen skal mennesket
sjå opp til sin skapar,
og retta augo ¬mot Israels Heilage.
8 Dei skal ikkje venda seg ¬til dei altar
som deira hender har gjort,
eller sjå på det ¬deira fingrar har laga,
Asjera-pålane ¬og røykjelsesaltara.
9 Den dagen skal ¬deira festningsbyar
liggja så aude som dei stader
hevittane og amorittane ¬drog bort ifrå
då israelittane kom,
og landet skal vera ¬ei øydemark.
10 For du har gløymt Gud, ¬din frelsar,
berget, ditt vern, ¬har du ikkje kome i hug.
Difor kan du planta ¬den finaste hage
og setja framande vintre i han.
11 Om du får dei til å veksa ¬den dagen du plantar,
og spira den morgonen du sår,
vert frukta borte ¬når sjukdomen kjem,
ein skade som ikkje kan ¬lækjast.
Den lagnad våre ransmenn får
12 Ve oss! ¬Høyr brusen av mange folk!
Det brusar som havet.
Høyr dønet av folkeætter!
Det dyn som veldig vatn,
13 det er som duren ¬av mektige bylgjer.
Men når Herren trugar dei,
rømer dei langt av stad.
Dei vert drivne som agner ¬for vinden på haugane,
som den kvervlande tistel ¬for stormen.
14 Om kvelden er det redsle ¬som rår,
men før morgonen renn, ¬er dei borte.
Så går det dei som ¬plyndrar oss,
slik lagnad får dei ¬som ranar oss.