Herrens fjell i dei siste dagar
1 Det ordet som Jesaja, son til Amos, fekk i eit syn om Juda og Jerusalem:
2 I dei siste dagar skal det henda
at Herrens tempelberg skal stå
grunnfest høgt over alle fjell
og lyfta seg opp over haugane.
Dit skal alle folkeslag strøyma.
3 Mange folk skal gå av stad ¬og seia:
«Kom, lat oss fara opp ¬til Herrens fjell,
til huset åt Jakobs Gud,
så han kan læra oss sine vegar,
og vi kan ferdast på hans ¬stigar!
For frå Sion skal lovlære gå ut,
og Herrens ord frå Jerusalem.»
4 Han skal døma ¬mellom folkeslaga,
skifta rett for mange folk.
Då skal dei smida sverda sine ¬om til plogjern
og spyda sine til vingardsknivar.
Folk skal ikkje meir ¬lyfta sverd mot folk
og ikkje lenger læra å føra krig.
5 Kom, Jakobs ætt,
lat oss ferdast i Herrens ljos!
Einast Herren er høg og mektig
6 Du har støytt frå deg folket ditt, ¬Jakobs ætt.
For dei fer med kunster ¬som folket i Austerland,
driv med spådom ¬som filistarane
og gjev handslag ¬til framande folk.
7 Landet deira er fullt ¬av sølv og gull,
det er ingen ende ¬på skattane deira.
Landet deira er fullt av hestar,
det er ingen ende ¬på vognene deira.
8 Landet deira er fullt ¬av avgudar;
dei bøyer seg og tilbed
det dei har laga ¬med eigne hender,
det dei har gjort ¬med eigne fingrar.
9 Då skal mennesket bøyast
og mannen audmykjast.
Tilgjev dei ikkje!
10 Fly inn i fjellet, ¬gøym deg i jorda
for Herren som vekkjer redsle,
og for hans stordom og velde!
11 Mannen må slå ¬sine stolte augo ned,
og det hovmodige mennesket ¬vert bøygt.
Einast Herren er høg den ¬dagen.
12 For Herren, Allhærs Gud,
har sett ein dag til dom
over alt som er stort og stolt,
over alt som ris i veret
– det skal siga i hop,
13 over alle sedrar på Libanon
som lyfter seg høgt og byrgt,
over alle eiker i Basan,
14 over alle høge fjell
og alle ruvande høgder,
15 over alle høge tårn
og alle festningsmurar,
16 over alle Tarsis-skip
og alle fagre skuter.
17 Då vert det stolte mennesket ¬bøygt
og den hovmodige mannen ¬audmykt.
Einast Herren er høg ¬den dagen.
18 Og med avgudane ¬er det ute for alltid.
19 Då skal folk fly inn i hellerar
og gøyma seg i jordholer
for Herren som vekkjer redsle,
og for hans stordom og velde,
når han reiser seg ¬og skræmer jorda.
20 Den dagen skal menneska ¬kasta frå seg
avgudane av sølv og gull,
som dei har laga seg og tilbed,
kasta dei for moldvarp ¬og flaggermus
21 og fly inn i fjellholer
og gøyma seg i bergkløfter
for Herren som vekkjer redsle,
og for hans stordom og velde,
når han reiser seg ¬og skræmer jorda.
22 Hald opp med å lita ¬på menneske
som berre har ein pust i nasen!
Kva er dei å rekna for?