Jesaja 25

Valdsmenns velde er slutt

1 Herre, du er min Gud.

Eg lovar deg ¬og prisar ditt namn.

For i truskap og sanning ¬har du fullført

dei under du planla i gamal tid.

2 Du gjorde byen til ei steinrøys,

festningsbyen til ein grushaug.

Borga åt dei framande ¬er jamna med jorda,

ho skal aldri byggjast meir.

3 Difor skal eit mektig folk ¾ra deg,

i valdsmenns by ¬skal dei ottast deg.

4 Du vart eit vern ¬for dei verjelause,

eit vern for dei fattige ¬i deira naud,

ei livd mot styrtregn, ¬ein skugge mot hete.

For valdsmenns fnysing

er som styrtregn mot muren,

5 som hete i eit utturka land.

Du døyvde bråket ¬åt dei framande.

Som ei sky ¬gjev skugge mot heten

vart songen ¬åt valdsmenn døyvd.

Herrens gjestebod

6 På dette fjellet skal Herren, ¬Allhærs Gud,

gjera eit gjestebod for alle folk,

eit gjestebod med feite retter,

eit gjestebod med gamal vin,

med feite, mergfulle retter

og gamal, klåra vin.

7 På dette fjellet skal han ta bort

det sløret som ligg ¬over alle folk,

det sveipet som er lagt ¬over alle folkeslag.

8 Han skal gjera døden ¬til inkjes for alltid.

Herren vår Gud skal turka

tårene av alle andlet.

Sitt folks vanære ¬skal han ta bort

frå heile jorda.

For Herren har tala.

Israels frelse og Moabs undergang

9 Den dagen skal dei seia:

«Sjå, dette er vår Gud!

Vi venta på han,

og han frelste oss;

dette er Herren som vi ¬venta på.

Lat oss gleda og fagna oss ¬over hans frelse!»

10 For Herrens hand skal kvila

over dette fjellet.

Men moabittane skal trakkast ¬ned i sitt land,

liksom halm vert nedtrakka ¬i gjødselvatn.

11 Der breier dei ut sine hender

lik den som legg på sum.

Men Herren bøyer ¬deira hovmod

kor dei så kavar med hendene.

12 Dine høge festningsmurar ¬støyter han ned,

han jamnar dei med jorda

og styrtar dei i støvet.