Guds makt og menneskemakt
1 Ve dei som fer ned ¬til Egypt etter hjelp
og set si lit til hestar,
som stolar på vogner ¬fordi dei er mange,
og på hestfolk ¬fordi dei er sterke,
men ikkje vender seg ¬til Israels Heilage
og ikkje søkjer råd hjå Herren.
2 Men han òg er vis ¬og lèt ulukka koma,
sine ord tek han ikkje att.
Han reiser seg mot flokken ¬av dei som gjer vondt,
mot ugjerningsmenn ¬som kjem med hjelp.
3 Egyptarane er menneske ¬og ikkje Gud,
deira hestar er kjøt og ¬ikkje ånd.
Når Herren retter ut si hand,
skal hjelparen snåva,
og den som har fått hjelp, falla;
og alle skal dei gå til grunne.
4 For så har Herren sagt til meg:
Liksom løva, den unge løva,
knurrar over sitt rov
og ikkje vert skræmd ¬av gjætarars rop
eller dukkar seg ned ¬når dei bråkar,
om heile flokken samlar seg ¬mot henne,
såleis skal Herren, ¬Allhærs Gud,
stiga ned og strida
på Sions fjell og haug.
5 Liksom fuglane ¬breier ut sine venger,
skal Herren, Allhærs Gud,
verna om Jerusalem.
Han skal verna og berga,
skåna og fria ut.
6 Vend om, de Israels søner,
til han de fall så djupt ifrå!
7 Den dagen skal de alle ¬kasta frå dykk
avgudane av sølv og gull,
som de sjølve har laga ¬– til synd.
8 Assur skal falla for eit sverd
som ikkje vert svinga ¬av menneske;
det sverdet ¬som gjer ende på han,
er det ikkje ein mann ¬som lyfter.
Han skal røma for sverdet,
og hans unge stridsmenn
skal setjast til tvangsarbeid.
9 Hans berg skal dra bort ¬i redsle,
hans hovdingar røma frå fana.
Så lyder ordet frå Herren,
som har ein eld i Sion,
ein omn i Jerusalem.