Domen over Edom
1 Kom hit og høyr, ¬de folkeslag,
lyd etter, de folkeætter!
Jorda og alt som fyller henne, ¬skal høyra,
jordheimen og alt som ¬lever der.
2 For Herren er harm på alle folk,
han er vreid på heile deira hær.
Han har bannstøytt dei
og gjeve dei til slakting.
3 Dei drepne vert slengde ¬til sides;
teven stig frå lika,
og blodet renn på fjella.
4 Heile himmelhæren ¬går i oppløysing,
himmelen vert ihoprulla ¬som ein bokrull.
Heile hans hær skal visna
som lauvet på vintreet visnar,
og frukta på fikentreet ¬turkar inn.
5 Når sverdet mitt har sløkt
sin torste på himmelen,
då fer det ned over Edom,
det folk eg har bannlyst ¬og dømt.
6 Herrens sverd er fullt av blod,
det er metta med feitt,
med blod av lam og bukkar,
med nyrefeitt av verar.
For Herren held offerslakting ¬i Bosra,
ei stor nedslakting i Edom.
7 Saman med folket ¬skal villoksar falla,
unge stutar og sterke oksar.
Landet skal drikka seg ¬utyrst av blod
og jorda gjødslast med feitt.
8 For det er ein hemnardag ¬for Herren,
eit attergjeldsår ¬i striden for Sion.
9 Bekkene i Edom ¬skal verta til bek
og molda til svovel;
ja, landet skal verta ¬til brennande bek.
10 Korkje dag eller natt ¬skal det slokna,
evig skal røyken stiga frå det.
Frå ætt til ætt ¬skal landet liggja audt,
aldri skal nokon ¬fara igjennom det.
11 Pelikan og hegre ¬skal ta det i eige,
ugle og ramn skal bu i det.
Herren strekkjer mælesnor ¬og lodd
ut over landet,
og det vert audt og snautt.
12 Det finst ikkje stormenn der,
og ingen ¬som kan ropast ut til konge;
det er ute med alle hovdingar.
13 I slotta veks klunger,
i borgene nesle og tistel.
Landet vert ein heim ¬for sjakalar,
ein tilhaldsstad for strutsar.
14 Ville hundar ¬og ørkendyr møtest,
raggetroll ropar til kvarandre.
Der slår Lilit seg òg til ro
og finn seg ein kvilestad.
15 Der byggjer pilormen bol ¬og legg egg,
han rugar og klekkjer dei ut ¬i skuggen.
Der samlast gribbane ¬med kvarandre.
16 Sjå etter i Herrens bok og les!
Ikkje eitt av desse dyra ¬skal vanta,
ingen av dei ¬skal sakna dei andre.
For påbodet kjem ¬frå Herrens munn,
det er hans Ande ¬som samlar dei.
17 Sjølv har han kasta lodd ¬for dei;
med mælesnor i si hand
skifter han ut landet.
Dei skal ta det i eige ¬for alle tider
og bu der frå ætt til ætt.