Jesaja 35

Den heilage vegen

1 Øydemark og turrlende ¬skal gleda seg,

den aude hei ¬skal jubla og bløma.

2 Ho skal bløma som lilja

og jubla, ja ropa av fryd.

Libanons herlegdom ¬får ho i gåve,

Karmels og Sarons prydnad.

Herrens herlegdom ¬skal folket få sjå,

stråleglansen frå vår Gud.

3 Styrk dei kraftlause hender,

gjer dei skjelvande kne sterke!

4 Sei til dei urolege hjarto:

Ver frimodige, ver ikkje redde!

Sjå, der er dykkar Gud!

Han kjem med straff.

Gud vil gjera attergjeld.

Sjølv kjem han og frelser dykk.

5 Då skal blinde augo opnast

og dauve øyro latast opp.

6 Då skal den lame ¬springa som ein hjort

og tunga åt den mållause jubla.

For kjelder bryt fram ¬i øydemarka

og bekker på dei turre vidder.

7 Den gloande sand ¬vert til sevkransa sjø,

det tyrste land ¬til vassrike kjelder.

Sjakalars mark ¬vert ein kvilestad,

der graset gror ¬mellom røyr og sev.

8 Og der skal det ¬vera ein kongsveg,

Den heilage vegen ¬skal han kallast.

På den skal ingen urein ¬ferdast,

det skal vera ein pilegrimsveg ¬for Guds folk;

ikkje eingong dårar ¬skal fara vilt.

9 Der skal inga løve ferdast

og inkje rovdyr setja sin fot;

dei skal ikkje finnast meir.

Men dei utløyste ¬skal ferdast der.

10 Herrens utløyste ¬skal venda heim att.

Dei skal koma til Sion ¬med fagnadrop,

med evig glede om si panne.

Fryd og glede skal møta dei,

sorg og sukk må røma.