Jesaja 43

Israels utløysing

1 Og no, så seier Herren,

han som skapte deg, ¬Jakob,

og laga deg, Israel:

Ver ikkje redd!

Eg har løyst deg ut

og kalla deg ved namn, ¬du er min.

2 Går du gjennom vatn, ¬er eg med deg,

gjennom elvar, ¬skal dei ikkje riva deg bort.

Går du gjennom eld, ¬skal du ikkje svi deg,

og logen skal ikkje brenna deg.

3 For eg er Herren din Gud,

Israels Heilage, din frelsar.

Eg gjev Egypt ¬til løysepeng for deg,

Nubia og Seba i staden ¬for deg.

4 Fordi du er dyr i mine augo,

høgt akta og elska av meg,

gjev eg menneske ¬i staden for deg,

folkeslag for ditt liv.

5 Ver ikkje redd, ¬for eg er med deg!

Austanfrå vil eg henta di ætt,

og vestanfrå vil eg samla deg.

6 Eg seier til nordheimen:

«Kom med dei!»

og til sørheimen:

«Hald dei ikkje att!»

Henta sønene mine ¬langt bortanfrå

og døtrene mine ¬frå heimsens ende,

7 alle som er kalla ¬med mitt namn,

alle dei eg har skapt,

ja, skapt og gjort til mi ære.

Einast Herren er Gud og frelsar

8 Før fram dette folket,

eit folk som har augo, ¬men ikkje ser,

og øyro, men ikkje høyrer.

9 Lat alle folka samla seg

og alle folkeslag møta!

Kven av dei ¬kan kunngjera slikt

og seia oss det ¬som før har hendt?

Lat dei føra fram vitne, ¬så dei kan få rett!

Lat dei høyra på og seia: ¬«Det er sant!»

10 Men de er mine vitne, ¬seier Herren,

og min tenar, ¬som eg har valt ut,

så de skal kjenna meg ¬og tru på meg

og skjøna at eg er Gud.

Før meg var ingen gud til,

og etter meg ¬skal det ingen koma.

11 Eg, ja eg er Herren,

og utan meg ¬finst det ingen frelsar.

12 Det er eg ¬som har kunngjort dette,

eg har frelst og gjort det kjent;

ingen framand gud ¬har gjort det.

De er mine vitne, seier Herren.

Eg er Gud,

13 og det er eg frå æve av.

Ingen kan riva ut or mi hand.

Det eg gjer, ¬kan ingen gjera ugjort.

Babylon fell

14 Så seier Herren,

dykkar utløysar, ¬Israels Heilage:

For dykkar skuld ¬sender eg bod til Babylon

og bryt ned alle bommane der;

då vert kaldearjubelen ¬til klageskrik.

15 Eg er Herren, dykkar Heilage,

Israels skapar, dykkar konge.

Sjå, eg skaper noko nytt

16 Så seier Herren,

han som gjorde veg ¬gjennom sjøen,

ein stig i det veldige vatnet,

17 som førte hestar og vogner,

hær og hovdingar uti.

Der vart dei liggjande ¬og reiste seg ikkje,

dei slokna som ein veik.

18 Tenk ikkje på det ¬som hende før,

gjev ikkje akt ¬på det som eingong var!

19 Sjå, eg skaper noko nytt.

No gror det fram.

Merkar de det ikkje?

Ja, eg legg veg i øydemarka

og stigar i den aude hei.

20 Dyra på marka skal æra meg,

både sjakalar og strutsar.

For eg gjev vatn i øydemarka,

lèt elvar renna i den aude hei,

så mitt utvalde folk ¬kan få drikka.

21 Det folket eg har skapt meg,

skal forkynna min pris.

22 Men på meg har du ikkje kalla, ¬Jakob,

du har ikkje gjort deg bry ¬for meg, Israel.

23 Du har ikkje bore fram ¬for meg brennofferlam

og ikkje æra meg ¬med slaktoffer.

Eg har ikkje plaga deg ¬med offergåver

og ikkje trøytta deg ¬med røykjelse.

24 Du har ikkje kjøpt meg ¬krydder for sølv

og ikkje metta meg ¬med offerfeitt.

Du har berre plaga meg ¬med dine synder

og trøytta meg ¬med dine misgjerningar.

25 Eg, ja eg er den ¬som slettar ut

dine misgjerningar ¬for mi skuld,

og dine synder ¬kjem eg ikkje i hug.

26 Stemn meg!

Lat oss saman gå for retten!

Legg fram di sak, ¬så du kan få rett!

27 Den fyrste far din synda,

og dine talsmenn ¬sette seg opp mot meg.

28 Så laut eg vanæra ¬heilage hovdingar,

lysa Jakob i bann

og gje Israel til spott.