Jesaja 47

Spottevise om Babel

1 Stig ned og set deg ¬i molda,

Babels dotter, du unge møy!

Set deg på jorda, ¬utan kongsstol,

du kaldeardotter!

For du skal ikkje lenger kallast

den fine og bortskjemde møy.

2 Ta kverna fram og mal!

Legg sløret bort, ¬lyft slepet opp,

så foten vert berr,

og du kan vassa over elvar.

3 Dei skal kle av deg

og sjå deg naken.

Eg tek hemn og sparer ingen,

4 seier vår utløysar.

Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn.

Israels Heilage er han.

5 Set deg stilt,

og gå inn i mørkret,

du kaldeardotter!

For du skal ikkje lenger kallast

dronning over kongerike.

6 Eg var harm på mitt folk

og førte vanære ¬over mitt arveland.

Eg gav dei i dine hender,

og du hadde ikkje medkjensle ¬med dei.

Jamvel på gamle folk

la du ditt tunge åk.

7 Du sa: «Eg skal for alltid ¬vera dronning!»

Du la deg ikkje dette på hjarta

og tenkte ikkje på endelykta.

8 Så høyr då dette, du nytesjuke,

som sit så trygg

og tenkjer med deg sjølv:

«Eg og ingen annan!

Eg skal ikkje sitja enkje

og aldri leva barnlaus.»

9 Men begge desse ulukkene

skal koma over deg,

brått, på ein einaste dag.

Barnløyse og enkjestand

kjem på deg i fullaste mål

trass i all di svartekunst

og dine sterke trolldomsord.

10 Du kjende deg trygg ¬i din vondskap og sa:

«Det er ingen som ser meg.»

Din visdom og kunnskap ¬førte deg vilt,

så du tenkte med deg:

«Eg og ingen annan!»

11 Så skal du då råkast ¬av noko vondt

som du ikkje kan mana bort.

Ei ulukke skal henda deg,

og den kan du ikkje hindra ¬med soning.

Brått kjem det over deg,

eit stormver du ikkje venta.

12 Kom no med dine ¬trolldomsord

og all di svartekunst,

som du har drive med ¬frå din ungdom!

Kanskje kunne du finna hjelp,

kanskje skræma ulukka bort!

13 Du har streva ¬med mange planar.

Lat dei stiga fram og ¬hjelpa deg,

dei som granskar himmelen

og kikkar på stjernene,

dei som månad etter månad

varslar det som skal henda deg.

14 Men sjå, dei vert som halm;

elden brenner dei opp.

Dei kan ikkje berga livet

frå den sterke logen.

Det er ikkje glør ¬til å verma seg med,

ikkje bål til å sitja framfor.

15 Så går det dine trollmenn,

som du har trøytta deg ut med

frå du var ung.

Dei vinglar kvar sin veg;

det finst ingen som ¬hjelper deg.