Herrens tenar vitnar om kallet sitt
1 Høyr på meg,
de øyar og strender,
lyd etter, de folk langt borte!
Frå mors liv ¬har Herren kalla meg,
frå mors fang ¬har han nemnt mitt namn.
2 Han har gjort min munn ¬til eit kvast sverd
og løynt meg i skuggen ¬av si hand.
Han har gjort meg ¬til ei kvass pil
og gøymt meg i sitt pilehus.
3 Han sa til meg:
«Du er Israel, min tenar,
på deg vil eg syna ¬min herlegdom.»
4 Men eg sa:
«Til fåfengs har eg streva,
til unyttes har eg øydt ¬mi kraft.
Min rett er likevel hjå Herren,
mi løn er hjå min Gud.»
5 «Og no,» seier Herren,
som frå mors liv
har skapt meg til sin tenar,
til å føra Jakob attende til han
og samla Israel hjå han
– eg er gjæv i Herrens augo,
og min Gud ¬har vorte min styrke,
6 «det er for lite ¬at du er min tenar
som skal reisa opp att ¬Jakobs ætter
og føra heim att ¬den frelste flokken av Israel.
Eg vil gjera deg ¬til eit ljos for folkeslag,
så mi frelse kan nå ¬til heimsens ende.»
Heim frå fangenskapet
7 Så seier Herren,
Israels utløysar, ¬Israels Heilage,
til han ¬som alle vanvørder og skyr,
til han som er træl ¬under valdsherrar:
Kongar skal sjå det ¬og reisa seg,
fyrstar skal kasta seg ned,
for Herrens skuld, ¬han som er trufast,
for Israels Heilage, ¬som valde deg ut.
8 Så seier Herren:
I nådens tid bønhøyrer eg deg,
på frelsesdagen hjelper eg deg.
Eg har skapt deg
og gjort deg til ei pakt ¬for folket.
Du skal atterreisa landet
og skifta ut odelsgrunn
som ligg aud og snau,
9 og seia til fangane: «Gå ut!»
til dei som er i mørkret: ¬«Kom fram!»
Langs vegane skal dei finna mat
og beite på alle snaue høgder.
10 Dei skal ikkje svelta ¬og ikkje tyrsta,
korkje sol eller hete ¬skal skada dei.
For han som miskunnar dei,
skal føra dei og leia dei ¬til vassrike kjelder.
11 Eg gjer alle fjell til farande veg,
mine kongsvegar ¬skal byggjast høgare.
12 Sjå, langt bortanfrå kjem dei,
somme frå nord ¬og somme frå vest
og somme frå Sinim-landet.
13 Jubla, du himmel, ¬og fegnast, du jord!
Set i med glederop, de fjell!
For Herren trøystar sitt folk,
han viser miskunn ¬mot sine armingar.
Herren gløymer ikkje Sion
14 Men Sion seier:
«Herren har forlate meg,
min Gud har gløymt meg.»
15 Gløymer vel ei kvinne ¬brystbarnet sitt,
har ho ikkje medkjensle ¬med den son ho fødde?
Og om ei mor kan gløyma,
så gløymer ikkje eg deg.
16 Sjå, eg har teikna deg ¬i mine hender,
dine murar har eg ¬alltid for auga.
17 Dei som skal byggja deg, ¬skundar seg hit,
og dei som reiv ned ¬og la deg i øyde,
fer bort ifrå deg.
18 Lyft augo og sjå deg ikring!
Dei samlar seg alle ¬og kjem til deg.
Så sant eg lever, ¬lyder ordet frå Herren,
du skal ta dei på deg ¬som eit smykke,
og binda dei om deg ¬som eit brurebelte.
19 No vert det for trongt for deg,
det aude og snaue ¬og øydelagde landet.
Og borte er dei ¬som ville tyna deg.
20 Dei born du fekk ¬då du var barnlaus,
skal endå ein gong seia til deg:
«Denne staden er meg ¬for trong.
Flytt deg, så eg kan få bu her!»
21 Då skal du tenkja med deg:
«Kven har født meg desse?
Eg var barnlaus ¬og ufør til å føda,
landlyst og bortdriven.
Kven har fostra desse?
Eg sat einsam att.
Kvar kjem desse frå?»
22 Så seier Herren vår Gud:
Sjå, eg lyfter mi hand ¬til teikn for folkeslag
og reiser mitt merke for folka.
Så kjem dei med sønene dine ¬i armen,
og døtrene dine ber dei ¬på aksla.
23 Kongar skal vera fosterfedrar ¬for deg
og deira dronningar ¬barnfostrer.
Dei skal kasta seg til jorda ¬for deg
og slikka støvet for dine føter.
Då skal du skjøna ¬at eg er Herren,
og at dei som set si von til meg,
ikkje skal verta til skammar.
24 Kan nokon ta hærfang ¬frå ein krigar,
kan fangar sleppa frå ¬ein valdsmann?
25 Ja, så seier Herren:
Fangar skal takast ¬frå krigaren,
og hærfang skal bergast ¬frå valdsmannen.
Eg vil strida mot dei ¬som strider mot deg,
og borna dine vil eg frelsa.
26 Eg lèt dei som trælka deg,
eta sitt eige kjøt
og drikka sitt blod ¬som druesaft.
Og alle menneske skal skjøna
at eg er Herren, din frelsar,
Jakobs Veldige, din utløysar.