Jesaja 50

Har eg ikkje kraft til å frelsa?

1 Så seier Herren:

Kvar er det ¬skilsmålsbrevet

som eg har sendt mor dykkar ¬bort med?

Eller kven hadde krav på meg,

så eg laut selja dykk til han?

Nei, de vart selde ¬fordi de synda,

og mor dykkar vart bortsend ¬fordi de sveik meg.

2 Kvifor fann eg ingen då ¬eg kom,

kvifor fekk eg ikkje svar ¬då eg ropa?

Er mi hand for kort til å frelsa,

har eg ikkje kraft til å berga?

Med eit trugande ord ¬legg eg sjøen turr

og gjer elvar til øydemark,

så fisken døyr av torste

og ligg og rotnar ¬fordi vatnet er borte.

3 Eg kler himmelen i svart

og sveiper han i syrgjebunad.

Herrens tenar er tillitsfull i trengsler

4 Herren min Gud har gjeve meg

ei læresveins-tunge,

så eg med mitt ord ¬kan styrkja den trøytte.

Kvar morgon ¬vekkjer han mitt øyra,

så eg kan høyra ¬på læresveins vis.

5 Herren min Gud ¬har opna mitt øyra.

Eg sette meg ikkje imot

og drog meg ikkje unna.

6 Min rygg baud eg fram ¬til dei som slo,

mine kinn til dei ¬som reiv meg i skjegget.

Eg gøymde ikkje mitt andlet

for vanære og spytt.

7 Herren min Gud ¬kjem meg til hjelp;

difor skjemmest eg ikkje.

Difor gjer eg andletet ¬hardt som flint,

og eg veit at eg ikkje ¬vert til skammar.

8 Han er nær,

han som hjelper meg ¬til min rett.

Kven vil føra sak mot meg?

Lat oss møtast for retten!

Kven er min motpart?

Lat han stiga fram!

9 Sjå, Herren min Gud ¬kjem meg til hjelp.

Kven vil døma meg skuldig?

Dei vert alle utslitne ¬som ein kledning,

mòl skal eta dei opp.

10 Dei av dykk ¬som har age for Herren,

skal høyra på hans tenar.

Den som ferdast i mørker

og ikkje ser det minste ljos,

han kan lita på Herrens namn

og stø seg til sin Gud.

11 Men de som kveikjer opp eld

og skyt brannpiler ¬til alle kantar,

gå inn i den logande elden,

mellom pilene ¬som de har kveikt!

Frå mi hand ¬kjem dette over dykk,

i pinsle skal de liggja.