Jesaja 52

Herren kjem attende til Sion

1 Vakna, vakna,

kled deg i styrke, Sion!

Ta på deg ditt høgtidsskrud,

Jerusalem, du heilage by!

For aldri meir ¬skal det koma inn i deg

ein uomskoren eller urein.

2 Rist av deg støvet og reis deg,

set deg på trona, Jerusalem!

Løys lekkjene du har ¬om halsen,

du hærtekne Sion-dotter!

3 Så seier Herren:

For inkje vart de selde,

og utan pengar ¬skal de løysast ut.

4 For så seier Herren din Gud:

I si fyrste tid ¬drog folket mitt til Egypt

og heldt til der.

Sidan vart dei utan grunn ¬trælka av Assur.

5 Og no, lyder ordet frå Herren,

kva skal eg gjera her

når folket mitt er bortført ¬utan vederlag?

Valdsherrane hyler, ¬seier Herren,

og dagen lang ¬vert namnet mitt spotta.

6 Difor skal folket mitt

læra mitt namn å kjenna,

ja, den dagen skal dei skjøna

at det er eg som seier: ¬«Her er eg!»

7 Kor fagert det er

når han som ber gledebod,

kjem springande over fjell,

melder fred ¬og ber god bodskap,

forkynner frelse ¬og seier til Sion:

«Din Gud er konge!»

8 Høyr, dine vaktmenn ropar,

dei jublar alle i hop.

For med eigne augo ser dei

at Herren kjem heim att ¬til Sion.

9 Set i med jubelrop,

de aude tufter i Jerusalem!

For Herren trøystar sitt folk

og løyser ut Jerusalem.

10 Herren syner sin heilage arm

for augo på alle folkeslag.

Heile den vide jord får sjå

frelsa frå vår Gud.

Far bort frå Babylon!

11 Far bort, far bort frå Babylon!

Ikkje rør noko ureint!

Dra ut or byen og reinsa dykk,

de som ber Herrens kar!

12 For de treng ikkje ¬skunda dykk,

de må ikkje røma frå byen.

For Herren sjølv går føre dykk,

og sist i flokken er Israels Gud.

Herrens lidande tenar

13 Sjå, min tenar skal ha ¬framgang,

han skal stiga ¬og lyftast og opphøgjast.

14 Liksom mange stokk til ¬då dei såg han

– meir skamfaren var han ¬enn nokon mann,

han såg ikkje ut ¬som eit menneske,

15 så skal mange folkeslag ¬undrast over han,

og kongar skal lata att ¬sin munn.

For dei får sjå ¬det som aldri vart sagt dei,

uhøyrde ting vert dei vitne til.