Herren tek Israel til nåde att
1 Rop av glede, ¬du barnlause,
du som ikkje fødde!
Set i med fagnadrop og jubla,
du som ikkje hadde rier!
For den einslege kvinna ¬har fleire born
enn ho som har mann, ¬seier Herren.
2 Gjer større rom for teltet ditt,
spenn ut dine teltdukar, ¬spar ikkje på dei,
gjer snorene lange, ¬slå pluggane fast!
3 For til høgre og venstre ¬skal du breia deg ut.
Di ætt skal driva ut folkeslag
og bu i byar som låg aude.
4 Ver ikkje redd,
du skal ikkje verta til skammar!
Ver ikkje skamfull,
du skal ikkje verta vanæra!
No kan du gløyma ¬din ungdoms skam
og ikkje meir minnast ¬din enkjestands vanære.
5 For han som skapte deg, ¬er din mann,
Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn;
Israels Heilage er din utløysar,
han som heiter Gud ¬for all jorda.
6 Som ei bortstøytt ¬og sorgfull kvinne
kallar Herren deg attende.
Kan ein vel vraka, ¬seier din Gud,
ho som var kone ¬heilt frå sin ungdom?
Herrens fredspakt
7 Ei lita stund gjekk eg frå deg,
men i mi store miskunn
vil eg føra deg heim att.
8 Då vreiden steig opp i meg,
løynde eg andletet for deg ¬ein augneblink.
Men med evig nåde
vil eg miskunna deg,
seier Herren, din utløysar.
9 For meg er dette ¬som i Noahs dagar,
den gongen eg svor ¬at Noah-flaumen
aldri meir skulle koma ¬over jorda.
På same måten sver eg no
at eg aldri meir
skal harmast på deg ¬og refsa deg.
10 For om fjella vik ¬og haugane vert rikka,
skal min nåde ikkje vika ¬frå deg,
og mi fredspakt ¬skal aldri rikkast,
seier Herren, ¬som miskunnar deg.
11 Du arme stormdrivne,
som ikkje finn trøyst!
Sjå, eg legg din grunnvoll ¬med turkisar
og byggjer din grunnmur ¬med safirar.
12 Eg gjer dine murtindar ¬av rubinar,
dine portar av krystallar
og heile din ringmur ¬av dyre steinar.
13 Alle dine born ¬skal vere opplærte av Herren,
og stor er freden for dine søner.
14 Ved rettferd ¬skal du vera grunnlagd.
Ver trygg for trengsle
– du har ingenting å ottast,
og for redsle
– ho skal ikkje nå deg.
15 Går nokon til strid imot deg,
kjem det ikkje frå meg.
Den som tek på deg,
skal falla for di hand.
16 Sjå, eg skaper smeden
som blæs i kolelden
og lagar våpen til sitt bruk.
Og eg skaper øydaren
til å herja og skada.
17 Ikkje eitt våpen ¬dei smider imot deg,
skal visa seg gagnleg.
Kvart klagemål ¬dei reiser mot deg,
skal du få kjent grunnlaust.
Det er den lut ¬som Herrens tenarar får,
den rett eg gjev dei, ¬seier Herren.