Jesaja 58

Rett faste og sabbatshelg

1 Rop av full hals, ¬spar deg ikkje,

lyft di røyst som ein lur!

Fortel mitt folk om deira brot,

Jakobs ætt om deira synder!

2 Dei søkjer meg dag etter dag

og vil gjerne kjenna ¬mine vegar.

Lik eit folk som gjer rett

og ikkje vender seg ¬frå sin Guds lov,

spør dei etter ¬mine rettferdige bod

og ynskjer at Gud ¬skal vera dei nær!

3 «Kvifor ser du ikkje at vi fastar,

og ansar ikkje at vi plagar oss?»

De kjøper og sel på fastedagen

og driv arbeidsfolket hardt.

4 Når de fastar, ¬er det kiv og strid,

med hogg og slag ¬av gudlause nevar.

De fastar ikkje så i dag

at bøna dykkar ¬kan høyrast i det høge.

5 Er dette den faste eg vil ha:

ein dag då mennesket ¬plagar seg sjølv,

heng med hovudet som sevet,

kler seg i botsdrakt ¬og ligg i oske?

Kallar du dette for faste,

er det ein dag ¬etter Herrens vilje?

6 Nei, så er den faste ¬som eg vil ha:

at du løyser dei ¬som med urett er bundne,

sprengjer banda i åket

og friar ut dei som er trælka,

ja, knekkjer kvart åk,

7 at du deler ditt brød ¬med dei som svelt,

og lèt heimlause stakkarar ¬koma i hus,

at du kler den nakne som ¬du ser,

og ikkje sviktar dine eigne.

8 Då skal ljoset ditt renna ¬som morgonroden,

snart skal dei lækjast og gro, ¬dine sår.

Di rettferd skal gå føre deg

og Herrens herlegdom ¬sist i ferda.

9 Då skal Herren svara

når du kallar på han,

når du ropar om hjelp,

skal han seia: «Her er eg!»

Når du tek bort ¬kvart tyngjande åk,

held opp med å peika fingrar

og tala vondt om andre,

10 når du deler ditt brød ¬med den som svelt,

og mettar den som lid naud,

då skal ljoset renna ¬for deg i mørkret,

og natta skal verta ¬som ljose dagen.

11 Herren skal alltid leia deg

og metta deg i det turre land.

Han skal styrkja deg;

du skal verta ¬som ein vassrik hage,

ja, som ei rennande kjelde

der vatnet aldri tryt.

12 Du skal byggja opp att ¬gamle ruinar

og reisa grunnmurar ¬frå farne ætter.

Då skal dei kalla deg ¬murbrot-bøtar,

han som vøler vegar,

så folk kan bu i landet.

13 Held du foten din att ¬på sabbatsdagen,

så du ikkje driv ditt yrke ¬på min heilagdag,

men kallar sabbaten ei lyst

og Herrens helg ¬ein høgvørd dag,

held du han i ære,

så du ikkje går dine ¬eigne vegar,

men avstår frå handel ¬og snakk,

14 då skal du ha di glede i Herren.

Eg lèt deg fara ¬over høgdene i landet,

du får nyta arven etter Jakob, ¬far din.

Dette er ordet ¬frå Herrens munn.