Sion får att sin herlegdom
1 For Sions skuld ¬vil eg ikkje teia,
for Jerusalems skuld ¬vil eg ikkje vera still,
før hennar rett ¬strålar fram med glans
og hennar frelse ¬som ein brennande fakkel.
2 Då skal folkeslag sjå di rettferd
og alle kongar din herlegdom.
Du skal få eit nytt namn,
som Herren sjølv skal gje deg.
3 Du skal vera ein herleg krans ¬i Herrens hand,
ein kongeleg hovudprydnad
i handa åt din Gud.
4 Du skal ikkje lenger kallast ¬«Den forlatne»,
og ditt land skal ikkje meir ¬heita «Øydemark».
Men du skal kallast ¬«Mi kjære»,
og landet ditt ¬skal heita «Kone».
For Herren skal ha deg kjær,
og landet ditt skal takast ¬til ekte.
5 Som ein ungdom gifter seg ¬med ei møy,
skal dine søner ta deg til ekte.
Og som ein brudgom ¬gleder seg over si brur,
skal din Gud gleda seg ¬over deg.
6 På murane dine, Jerusalem,
har eg sett vaktmenn.
Og dei skal aldri teia
anten dag eller natt.
De som prisar Herren,
unn dykk ikkje ro!
7 Lat heller ikkje han få ro
før han byggjer opp att ¬Jerusalem
og gjer byen til ein lovsong ¬på jorda.
8 Herren har svore ¬ved si høgre hand
og ved sin veldige arm:
Aldri meir skal eg gje ditt korn
til føde for dine fiendar,
og ikkje skal framande ¬drikka din vin,
som du har hatt møda med.
9 Nei, dei som haustar kornet,
skal eta det og prisa Herren;
og dei som sankar druene,
skal drikka vinen
i mine heilage tempelgardar.
På heimveg
10 Dra ut, dra ut gjennom ¬portane,
og ryd ein veg for folket!
Bygg, ja bygg ein kongsveg
og reinsa han vel for stein!
Reis ei merkestong for folka!
11 Høyr, Herren lèt det ljoma
til heimsens ende:
Sei til Sions dotter:
Sjå, di frelse kjem!
Sjå, dei han fekk i løn, ¬er med han,
dei han vann, går føre han.
12 Dei skal kallast ¬det heilage folket,
dei som Herren har løyst ut.
Og sjølv skal du kallast ¬den søkte,
byen som ikkje ligg aud og tom.