Straff og utløysing
1 Kven er han ¬som kjem frå Edom,
frå Bosra i blodraude klede,
han som er så briken ¬i sin bunad,
og skrid fram i si store kraft?
«Det er eg, ¬eg som talar i rettferd,
eg som har makt til å frelsa.»
2 Kvifor er din bunad så raud,
lik kleda åt ein ¬som trakkar druer?
3 «Åleine trødde eg i vinpressa,
ingen av folka var med meg.
Eg trødde på dei i vreide
og trakka dei ned i harme.
Då skvatt deira blod ¬på kleda mine,
heile min klednad vart tilsølt.
4 For ein straffedag ¬hadde eg i tankar,
mitt utløysingsår var kome.
5 Eg såg meg om, ¬det var ingen som hjelpte,
eg vart forfærd, ¬men fekk inga støtte.
Då kom min arm meg til hjelp,
min harme stødde meg.
6 Eg trakka folkeslag ¬ned i min vreide
og knuste dei i min harme;
deira blod lét eg renna ¬til jorda.»
Folket angrar og bed om frelse
7 Eg vil minnast ¬Herrens velgjerningar
og lova han for hans storverk,
for alt det Herren har gjort ¬mot oss,
for alt det gode
som han i sin nåde
og i si store miskunn
har gjort mot Israels ætt.
8 Han har sagt:
«Ja, dei er mitt folk,
søner som aldri svik.»
Og han vart ein frelsar for dei.
9 I all deira trengsle
var det inga trengsle.
Hans eigen engel frelste dei.
I sin kjærleik og i si ¬medkjensle
løyste han dei ut.
Han tok dei opp og bar dei
alle dagar frå gamal tid.
10 Men dei var trassige
og gjorde hans ¬Heilage Ande sorg.
Så snudde han om ¬og vart deira fiende,
han stridde sjølv imot dei.
11 Då tenkte dei på gamle dagar,
på Moses, som var hans tenar:
Kvar er han ¬som tok opp or vatnet
han som vart hyrding ¬over hans hjord?
Kvar er han som gav han
sin Heilage Ande i hjarta?
12 Han lét sin herlege arm
fara fram på høgre sida ¬av Moses;
han kløyvde vatnet ¬framfor folket
og skapte seg eit evig namn.
13 Han lét dei gå gjennom djupet
som hesten på steppa
– dei snåva ikkje.
14 Som når ein buskap ¬går ned i dalen,
førte Herrens Ande dei til ro.
Ja, såleis førte du ditt folk
og skapte deg eit herleg namn.
15 Sjå ned frå himmelen,
ja, sjå frå din heilage, ¬herlege bustad!
Kvar er din brennhug ¬og di kraft?
Di djupe medkjensle ¬og di miskunn
held du att frå meg.
16 Og du er då vår far!
Abraham veit ikkje om oss,
og Israel kjenner oss ikkje.
Men du, Herre, er vår far,
frå gamal tid ¬er ditt namn vår utløysar.
17 Kvifor fører du oss bort, ¬Herre,
frå dine vegar?
Kvifor gjer du hjarta vårt hardt,
så vi ikkje ottast deg?
Snu om for dine tenarar skuld,
dei ætter som er din eigedom!
18 Eit lite bel ¬fekk folket eiga ditt tempel,
så trakka våre fiendar ¬ned din eigedom.
19 Det har vorte med oss
som om du aldri ¬hadde rådt over oss,
som om ditt namn ¬ikkje var nemnt over oss.