Jesaja 64

1 Gjev du kløyvde

himmelen og steig ned,

så fjella skalv for deg,

som når elden fatar i risved

og får vatnet til å koka.

Då skulle dine fiendar ¬få kjenna ditt namn

og folkeslag skjelva ¬for ditt åsyn,

2 når du gjorde under ¬som ingen venta,

og steig ned ¬så fjella skalv for deg.

3 Aldri har nokon høyrt ¬eller spurt,

aldri har auga sett

nokon annan gud enn deg

som kan gjera slikt

for dei som ventar på han.

4 Du møter dei ¬som med glede gjer rett,

og tenkjer på ¬korleis du går fram.

Men du vart harm, og vi synda.

Så har det alltid vore

– kan vi då verta frelste?

5 Alle vart vi som ureine,

som skite ty vart all ¬vår rettferd.

Vi vart alle som vise lauv,

våre misgjerningar bles ¬oss bort som vinden.

6 Det finst ingen ¬som kallar på ditt namn,

ingen som tek seg saman

og held fast på deg.

For du har løynt ditt åsyn ¬for oss

og gjeve oss våre synder i vald.

7 Men du, Herre, er då vår far!

Vi er leira, og du har skapt oss,

alle er vi eit verk av di hand.

8 Herre, ¬lat ikkje harmen din loga,

kom ikkje evig i hug vår skuld!

Sjå ned til oss,

vi er då alle ditt folk!

9 Aude ligg dine heilage byar,

Sion er ei øydemark

og Jerusalem ei audn.

10 Vårt heilage, herlege tempel,

der fedrane våre lova deg,

har vorte eit rov for elden.

Alt det vi var glade i, ligg i røys.

11 Kan du roleg sjå på dette, ¬Herre,

teia og audmykja oss så djupt?