Herren bergar Jona frå djupet
1 Men Herren sende ein stor fisk, som slukte Jona; og han var i buken på fisken i tre dagar og tre netter.
2 Jona bad til Herren sin Gud frå fiskebuken
3 og sa:
Eg kalla på Herren i mi naud,
og han svara meg.
Eg ropa frå djupaste dødsriket,
og du høyrde mi røyst.
4 Du kasta meg i djupet ¬midt på havet,
og straumen kringsette meg.
Alle dine brot og bylgjer ¬slo over meg.
5 Då tenkte eg:
Eg er støytt bort frå deg.
Skal eg aldri meir få sjå ¬ditt heilage tempel?
6 Vatnet nådde meg ¬heilt til halsen,
havdjupet var ikring meg ¬på alle kantar.
Tang sveipte seg ¬om mitt hovud.
7 Radt til fjellbotnane fór eg ned.
Heimsens bommar stengdest
etter meg for alltid.
Men du, Herre min Gud,
førte meg levande opp ¬or grava.
8 Då mi sjel var kraftlaus,
kom eg Herren i hug,
og mi bøn nådde til deg,
til ditt heilage tempel.
9 Dei som dyrkar falske ¬og gagnlause gudar,
har gjeve opp sin truskap ¬mot deg.
10 Men eg vil ofra til deg ¬med takkesong.
Det eg har lova, vil eg halda.
Frelsa kjem frå Herren.
11 Då tala Herren til fisken, og han spydde Jona opp på land.