Klage over Sions undergang
1 Å, kor gullet ¬har mist sin glans,
kor det fine gullet er skjemt!
Dei heilage steinane ¬ligg strøydde
på alle gatehjørne.
2 Å, Sions gjæve søner,
verde si vekt i reint gull,
no vørdest dei berre ¬som leirkar,
eit verk av krusmakarhand.
3 Jamvel sjakalar held juret fram,
så ungane får suga.
Men kvinnene i mitt folk ¬er hjartelause;
dei liknar strutsen ¬på aude sletter.
4 Spedborna er så tyrste
at tunga heng fast ved ganen.
Småborna tiggar om brød,
men ingen gjev dei ein bit.
5 Dei som før åt fine retter,
ligg forkomne på gatene.
Dei som før vart borne ¬på skarlak,
ligg no på avfallshaugen.
6 Den synd mitt folk har gjort,
er verre enn synda i Sodoma,
som vart lagt i grus ¬på ein augneblink
utan at nokon lyfte ei hand.
7 Sions hovdingar ¬var reinare enn snø
og kvitare enn mjølk.
Kroppen deira ¬var raudare enn korallar,
dei såg ut som safir.
8 No ser dei svartare ut enn sot,
ein kan ikkje kjenna dei att ¬på gata.
Dei er berre skinn og bein,
huda er turr som knusk.
9 Dei som fall for sverd, ¬var betre farne
enn dei som svalt i hel;
for dei tærtest bort og døydde
fordi jorda ikkje gav grøde.
10 Kvinner som før var milde ¬og kjærlege,
koka sine eigne born.
Borna vart til føde for dei
då mitt folk vart knust.
11 Herren rende ut sin harme,
auste ut sin brennande vreide.
På Sion kveikte han ein eld
som øydde alt til grunnen.
12 Ingen konge på jord,
nei, ingen i heile verda
kunne tru at ein motstandar ¬eller fiende
ville koma inn ¬gjennom Jerusalems portar.
13 Men det hende
fordi profetane synda
og prestane førte skuld ¬over seg.
Midt i byen rende dei ut
blod av rettferdige menn.
14 Som blinde flakka dei ikring
i gatene, sulka med blod,
så ingen kunne røra
kleda dei hadde på seg.
15 «Av vegen! Urein!» ¬ropa folket til dei.
«Av vegen, av vegen! ¬Kom ikkje nær!»
Når dei rømer ¬og vildrar ikring,
vert det sagt ¬mellom folkeslaga:
«Dei får ikkje vera her lenger.»
16 Herren sjølv har spreitt dei,
han ansa dei ikkje lenger.
Dei vørde ikkje prestane
og hadde ikkje medynk ¬med dei gamle.
17 Vi stirte framleis etter hjelp
til augo vart såre, men fåfengt.
Frå vårt vakttårn ¬speida vi etter eit folk
som ikkje kunne hjelpa.
18 Dei lurte på våre steg,
så vi ikkje kunne gå på gatene.
Vår ende var nær, ¬vår tid var ute,
ja, vår siste stund var komen.
19 Dei som forfylgde oss, ¬var snarare
enn ørnar i flòg ¬under himmelen.
Over fjella jaga dei oss,
i øydemarka lurte dei på oss.
20 Vår livsande, ¬Herrens salvevigde,
vart fanga i deira fallgraver.
Det var om han vi tenkte:
«I livd av han ¬skal vi leva mellom folka.»
21 Fagna og gled deg, ¬Edoms dotter,
du som bur i Us-landet.
Til deg òg ¬skal det rettast eit staup;
du skal verta drukken ¬og kle deg naken.
22 Di skuld er kvitta, Sions dotter,
aldri meir vil han føra deg bort.
Men di misgjerning ¬straffar han, Edom,
og dine synder legg han ¬i dagen.