1 Dette er Herrens ord som kom til Mika frå Moresjet på den tid då Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda, dei syner han fekk om Samaria og Jerusalem.
Herren openberrar seg til dom
2 Høyr, alle de folkeslag!
Lyd etter, du jord ¬og alt som på deg er!
Herren Gud skal vitna ¬mot dykk,
vitna frå sitt heilage tempel.
3 Sjå, Herren går ut ¬frå sin bustad,
stig ned og skrid fram ¬over høgdene på jorda.
4 Fjella brånar under han,
og dalane rivnar,
som voks når det brånar i eld,
som vatn når det renn ¬utfor stup.
5 Alt dette hender
fordi Jakob har falle frå,
fordi Israel har synda.
Kva er så Jakobs fråfall?
Er det ikkje Samaria?
Og kva er Judas synd?
Er det ikkje Jerusalem?
6 Men eg skal gjera Samaria ¬til ei steinrøys
og marka i byen ¬til vingardsjord.
Eg velter steinane ned i dalen
og legg ¬byens grunnvollar berre.
7 Alle gudebileta der ¬skal knusast
og horegåvene brennast i eld,
avgudsbileta gjer eg til inkjes.
Med horeløn er dei samla,
og til horeløn skal dei verta.
Klage over byane i Juda
8 Difor må eg klaga og jamra,
gå berrføtt og naken ikring,
klaga som sjakalen
og jamra som strutsen.
9 For Juda har fått eit slag,
og såret er ulækjande.
Det har nått til porten ¬åt mitt folk,
heilt til Jerusalem.
10 Fortel ikkje dette i Gat!
Hald opp med gråt og skrik!
Velt dykk i støvet i Bet-Leafra!
11 Far nakne og vanæra bort,
de som bur i Sjafir!
Folket i Sa’anan
vågar seg ikkje ut.
Klageropa i Bet-Haesel
riv grunnen bort under dykk.
12 Korleis kan folket i Marot
venta seg noko godt,
når ulukke frå Herren
slår ned ved Jerusalems port?
13 Spenn hestane for vogna,
de Lakisj-buar!
De vart opphav til Sions synd.
Hjå dykk er Israels fråfall ¬å finna.
14 Lat Moresjet-Gat få ¬avskilsgåve!
Som ein sviktande bekk
er husa i Aksib ¬for Israels kongar.
15 Endå ein gong ¬sender eg mot dykk,
de Maresja-buar,
ein som skal leggja dykk ¬under seg.
Han kjem til Adullam, ¬Israels prydnad.
16 Klypp deg snau, rak håret av
i sorg over borna dine!
Gjer hovudet snautt ¬som eit gribbehovud,
for dei er førte bort ifrå deg!