1 Domsord mot Ninive.
Boka om dei synene Nahum frå Elkosj fekk.
Herren tek hemn over motstandarane sine
2 Ein brennhuga, ¬hemnande Gud er Herren,
ja, ein hemnar er Herren ¬og full av harme.
Herren hemner seg ¬på sine motstandarar,
han held på vreiden ¬mot sine fiendar.
3 Herren er langmodig.
Men hans kraft er stor,
og han lèt ikkje vera å straffa.
Gjennom storm og uver ¬går hans veg,
skyer er støvet under hans fot.
4 Han trugar havet ¬og turkar det ut,
alle elvar legg han turre.
Basan og Karmel visnar bort,
Libanons blomeprakt døyr.
5 Fjella skjelv for han,
haugane skjek og rivnar.
Jorda bivrar for han,
verda og alle som bur der.
6 Kven kan stå seg ¬for hans harme,
kven held ut ¬hans brennande vreide?
Hans harme strøymer fram ¬som eld,
og knausane styrtar saman ¬for han.
7 Herren er god, eit vern i naud.
Han tek seg av dei ¬som tyr til han.
8 Men med veldig flaum
gjer han ende på ¬sine motstandarar;
sine fiendar jagar han ut ¬i mørkret.
9 Kva emnar de på mot Herren,
han som reint kan gjera ende ¬på dykk?
Nauda kjem ikkje ein gong til.
10 Som ihopfletta tornebusker,
som eit knippe med kvister,
som turr halm ¬skal dei brenna opp.
Judas berging og Ninives undergang
11 Frå deg gjekk det ut ¬ein mann
som emna på vondskap ¬mot Herren
og hadde vondt i tankar.
12 Så seier Herren:
Om dei er aldri så sterke ¬og mange,
skal dei hoggast ned ¬og verta borte.
Og om eg har plaga deg,
skal eg ikkje gjera det meir.
13 No vil eg bryta det åk ¬han la på deg,
og slita sund dine lekkjer.
14 Men dette er Herrens påbod ¬om deg:
Ditt namn skal ikkje ¬leva lenger.
Eg vil rydja ut or ditt gudshus
både utskorne ¬og støypte gudebilete.
Eg vil laga ei grav åt deg,
for du er funnen for lett.