Domen over Edom
1 Dette er synene åt Obadja.
Så seier Herren Gud om Edom:
Ei tidend har vi høyrt ¬frå Herren,
eit bod er sendt ut ¬mellom folka:
«Stå opp, lat oss reisa oss ¬til strid mot Edom!»
2 Sjå, liten gjer eg deg ¬mellom folka,
djupt vanvørd skal du vera.
3 Ditt hjartans hovmod ¬har narra deg,
du som bur i bergrivner
og har ditt tilhald i høgdene,
du som tenkjer med deg sjølv:
Kven kan støyta meg til jorda?
4 Om du byggjer høgt som ørna,
ja, legg ditt reir ¬mellom stjernene,
så vil eg støyta deg ned derifrå,
lyder ordet frå Herren.
5 Om det kom tjuvar til deg
eller røvarar om natta
– å, kor du vert herja –
ville dei då stela meir ¬enn dei trong?
Om du hadde folk ¬til å hausta din vingard,
så leivde dei vel ¬til ei ettersanking.
6 Å, kor dei har ransaka Esau,
leita opp hans løynde skattar!
7 Dei du var i pakt med,
driv deg heilt til grensa.
Folk du hadde fred med, ¬har svikta deg;
dei har fått overtaket på deg.
Dei som åt av ditt brød,
har sett snarer for deg og seier:
«Det finst ikkje vit i han.»
8 Den dagen vil eg sanneleg
rydja ut dei vise or Edom
og dei kloke frå Esaus fjell,
lyder ordet frå Herren.
9 Dine krigarar, Teman, ¬skal lamast av redsle,
kvar einaste mann skal drepast
og rydjast bort frå Esaus fjell.
10 For ditt valdsverk mot Jakob, ¬bror din,
skal du sveipast i skam.
Du skal rydjast ut for alltid.
11 Den dagen du heldt deg borte,
den dagen framande ¬røva hans gods,
då utlendingar gjekk inn ¬i hans port
og kasta lodd om Jerusalem,
då var du òg som ein av dei.
12 Du skulle ikkje ha sett ¬med glede på bror din
då ulukka råka han,
ikkje gledt deg over judearane
den dagen dei gjekk til grunne,
og ikkje bruka så store ord
den tid dei var i naud.
13 Du skulle ikkje ha trengt inn
i porten åt mitt folk ¬på ulukkedagen.
Du skulle slett ikkje ¬ha gledt deg
over det dei leid den dagen,
og ikkje rett handa ut
etter rikdomen deira
den usæle dagen.
14 Du skulle ikkje ha stått ¬ved vegskila
og hogge ned dei som prøvde ¬å koma unna,
og ikkje gjeve i fiendehand
dei som slapp frå det
den dagen folket var i naud.
15 For Herrens dag er nær
over alle folkeslag;
som du har gjort,
skal det gjerast med deg.
Di åtferd kjem att ¬på ditt eige hovud.
Israels atterreising
16 Som de drakk ¬på mitt heilage fjell,
skal kvart folkeslag ¬alltid drikka.
Dei skal drikka i fulle drag
og verta som om ¬dei aldri hadde vore til.
17 Men på Sion-fjellet ¬skal dei halda til,
dei som har sloppe unna,
og det skal vera ein heilagdom.
Jakobs ætt skal ta att ¬sin eigedom.
18 Jakobs ætt skal verta ein eld
og Josefs ætt ein loge.
Men Esaus ætt ¬skal verta til halm,
som vert sett i brann og øydd.
Av Esaus ætt vert ingen att.
Herren har tala.
19 Dei som bur i Negev, skal ta Esaus fjell til eige; og dei som bur i Sjefela, skal ta Filistarlandet. Dei skal leggja under seg Efraims-bygdene og Samaria-bygdene, og Benjamin skal ta Gilead.
20 Dei bortførte av Israels-hæren skal ta landet åt kanaanearane i eige heilt til Sarepta, og dei landlyste frå Jerusalem, som er i Sefarad, skal ta byane i Negev.
21 Dei som er berga, skal stiga opp på Sion-fjellet og halda dom over Esaus fjell-land. Og riket skal høyra Herren til.