Ordtaka 1

1 Ordtøke av Salomo, son til David, konge i Israel.

Ordtøka gjev visdom

2 Ordtøka gjev visdom ¬og lærdom,

så ein skjønar vitug tale

3 og tek imot tukt ¬som gjev framgang,

og lærer rettferd, rett ¬og ærlegdom.

4 Dei gjev den urøynde klokskap

og ungdomen kunnskap ¬og omtanke.

5 Den vise som høyrer dei, ¬aukar sin lærdom,

den vituge lærer ¬å styra sin tanke,

6 så han skjønar ordtak ¬og bilettale,

ord av vismenn og ¬gåtene deira.

7 Age for Herren ¬er opphav til kunnskap;

dårar vanvørder ¬visdom og tukt.

Gløym ikkje det du har lært!

8 Høyr etter når far din ¬formanar deg, son,

og gløym ikkje det ¬som mor di har lært deg!

9 For det er ein fager krans ¬om ditt hovud,

ei kjede som pryder din hals.

10 Fylg ikkje syndarar, son min,

når dei lokkar deg,

11 når dei seier: ¬«Kom og ver med oss!

Vi vil liggja på lur og drepa,

setja feller for skuldlause ¬utan grunn.

12 Vi vil gløypa dei levande, ¬liksom dødsriket,

la dei gå heilt til grunne

lik dei som går i grav.

13 Alle slag dyre eigneluter ¬skal vi finna,

fylla våre hus med røva gods.

14 Du skal få kasta lodd med oss ¬om dette,

alle skal vi ¬ha same pengepungen.»

15 Son min, slå ikkje lag ¬med dei,

hald foten din borte ¬frå deira stig!

16 Dei spring så lett ¬etter det som er vondt,

og er snøgge til å renna ut blod.

17 Det nyttar ikkje Œ spenna ut nettet

så alle fuglane ser det.

18 Men slike menneske ¬lurer på sitt eige liv,

dei set feller for seg sjølve.

19 Så går det alle ¬som jagar etter vinning,

det tek livet av dei.

Visdomen kallar til bot

20 Visdomsmøya ropar høgt ¬på gata,

lèt røysta si lyda på alle torg.

21 Midt i ståket ropar ho ut,

tek til ords ¬i dei opne byportane:

22 Kor lenge skal de godtrune

elska godtruenskapen?

Kor lenge skal spottarane

ha glede av å spotta

og dårane hata kunnskap?

23 Vend dykk hit ¬når eg refser,

så lèt eg mi ånd strøyma ¬ut over dykk

og gjev dykk kjennskap ¬til mine ord.

24 De ville ikkje høyra ¬når eg ropa,

og ingen ansa ¬at eg rette ut handa;

25 de brydde dykk ikkje ¬om mine råd

og ville ikkje vita av ¬mine refsingsord.

26 Difor skal eg le ¬når ulukka råkar dykk,

og spotta ¬når de vert slegne av redsle,

27 når redsla fer fram ¬som eit uver,

når ulukka kjem som ¬ein storm,

og de vert ute ¬for trengsle og naud.

28 Då ropar dei på meg, ¬men eg svarar ikkje;

dei leitar etter meg, ¬men finn meg ikkje.

29 Fordi dei hata kunnskap

og ikkje valde å ottast ¬Herren,

30 fordi dei ikkje ¬ville høyra på mitt råd

og vanvørde ¬alle mine refsingsord,

31 difor skal dei få smaka ¬frukta av si åtferd

og mettast med det ¬dei sjølve har planlagt.

32 Fråfallet kostar ¬dei godtrune livet,

tryggleiken ¬tyner dårane.

33 Men den som høyrer på meg, ¬skal bu trygt

og leva i fred ¬utan redsle for noko vondt.