Ordtaka 11

Strev etter rettferd gjev liv

1 Falsk vekt er ein ¬styggedom for Herren,

men han gleder seg ¬over fullvektige lodd.

2 Med hovmod fylgjer skam,

men dei audmjuke har visdom.

3 Dei ærlege ¬har si rettvise til førar,

men uærlegdom ¬gjer ende på svikarane.

4 Gods gagnar ikkje ¬på vreidedagen,

men rettferd bergar frå døden.

5 Rettferd jamnar vegen ¬for ein heidersmann,

den gudlause fell ¬for sin eigen vondskap.

6 Dei ærlege vert berga ¬av si rettferd,

svikarar vert fanga ¬av si eiga lyst.

7 Når den gudlause døyr, ¬er vona ute,

dei vonde har ikkje noko godt ¬i vente.

8 Den rettferdige vert berga ¬or trengsle,

men den gudlause kjem ¬i naud.

9 Den gudlause skader ¬sin neste med munnen,

dei rettferdige bergar seg ¬med sitt skjøn.

10 Går det godt for dei rettvise, ¬jublar byen,

går dei vonde til grunne, ¬er gleda stor.

11 Når dei ærlege velsignar, ¬kjem byen seg opp,

talen åt dei gudlause ¬legg han i røys.

12 Tankelaus er den ¬som vanvørder sin neste,

ein vitug mann teier stilt.

13 Den som baktalar, ¬spreier løyndomar,

ein påliteleg mann ¬held saka for seg sjølv.

14 Eit folk utan klokt styre fell,

når mange gjev gode råd, ¬kan det bergast.

15 Den som borgar ¬for ein framand,

får svi for det,

den som nektar å gje handslag, ¬er trygg.

16 Ei elskeleg kvinne vinn ære,

dei strevsame ¬samlar seg rikdom.

17 Den som er velviljug, ¬har gagn av det,

den som er hardhjarta, ¬skader seg sjølv.

18 Den gudlause vinn seg ¬ei sviktande løn,

den som sår rettferd, ¬får ei løn som varer.

19 Strev etter rettferd gjev liv,

jag etter vondskap ¬fører til døden.

20 Herren har uvilje mot dei ¬som fer med svik,

men godhug for den ¬som er heil i si ferd.

21 Ver trygg, ¬den vonde slepp ikkje straff,

men ætta åt dei rettferdige ¬går fri.

22 Som ein gullring ¬i eit grisetryne

er ei fager kvinne utan vit.

23 Det dei rettferdige ynskjer, ¬fører til lukke,

dei vonde har vreidedomen ¬i vente.

24 Éin strøyer ut ¬og får likevel meir,

ein annan er gjerrig ¬og må endå lida naud.

25 Den som spreier velsigning, ¬trivst,

den som livar opp andre, ¬vert oppliva sjølv.

26 Den som held på kornet, ¬får forbanning av folket,

men velsigning kjem ¬over den som vil selja.

27 Den som strevar etter ¬det gode,

søkjer det Herren synest om.

Men den som legg vinn ¬på det vonde,

han får det over seg sjølv.

28 Den som lit på sin rikdom, fell,

dei rettferdige er ¬som lauvet når det sprett.

29 Den som ikkje steller sitt hus, ¬haustar vind,

dåren må træla ¬for den som er vis.

30 Rettferds frukt ¬er som livsens tre,

men valdsferd gjer ende på liv.

31 Når ein rettferdig mann ¬får si løn på jorda,

kor mykje meir då ein niding ¬og syndar!