Ordtaka 12

På rettferds stig er livet å finna

1 Den som elskar tukt, ¬elskar kunnskap,

dum er den ¬som mislikar refsing.

2 Den som er god, ¬får nåde hjå Herren,

men den som fer med svik, ¬vert dømd skuldig.

3 Med vondskap ¬står ingen støtt,

men rota åt dei rettferdige ¬kan ingen rikka.

4 Dugande kone ¬er ei krone for mannen,

duglaus kvinne ¬er som verk i hans bein.

5 Dei rettferdige tenkjer ¬på det som er rett,

dei vonde ¬legg svikefulle planar.

6 Det dei gudlause talar, ¬er eit livsfarleg bakhald,

dei ærlege vert berga ¬med det dei seier.

7 Dei gudlause vert kasta i koll ¬og kjem bort,

men husa åt dei rettferdige ¬står støtt.

8 Ein mann får ros ¬når han er klok,

den som tenkjer vrangt, ¬kjem i vanvørdnad.

9 Betre å arbeida ¬for sitt brød utan ære

enn å spela storkar ¬og vanta mat.

10 Den rettferdige ¬har omsut for buskapen sin,

men dei gudlause ¬er harde i hugen.

11 Den som dyrkar si jord, ¬kan eta seg mett,

tankelaus er den som jagar ¬etter fåfengde ting.

12 Det dei gudlause har lyst til, ¬er eit vondskaps garn,

men dei rettferdige har fast rot.

13 Svikefulle ord ¬vert ei felle for den vonde,

den rettferdige slepp ut ¬or nauda.

14 Ein mann nyt godt ¬av det munnen ber fram,

eit menneske får att ¬for det det har gjort.

15 Dåren held sin eigen veg ¬for den rette,

men vis er den ¬som høyrer på råd.

16 Når dåren er arg, ¬vert det kjent på dagen,

klok er den som teier ¬når han vert krenkt.

17 Den som seier sanninga, ¬talar rett,

falske vitne fer med svik.

18 Tankelaus tale stikk som sverd,

men vismenn har lækjedom ¬på tunga.

19 Den som talar sant, ¬står seg for alltid,

men lygnaren ¬berre ei lita stund.

20 Dei som emnar på vondt, ¬har svik i hjarta,

men glede får dei ¬som rår til fred.

21 Dei rettvise ¬kjem ikkje ut for noko vondt,

men dei gudlause ¬ber ulukka i seg.

22 Herren styggjest ved den ¬som har lygn på lippene,

men har godhug for dei ¬som fer ærleg fram.

23 Ein klok mann døl det han veit,

dåren ropar ut sin dårskap.

24 Den som er strevsam ¬med handa, får styra,

men latskap gjer mannen ¬til træl.

25 Sorg og sut ¬gjer mannen tung om hjarta,

men gode ord gjer han glad.

26 Den rettferdige rettleier ¬sin neste,

men vegen dei gudlause går, ¬fører vilt.

27 Den late får ikkje tak i sitt vilt,

men dyr er skatten ¬den annsame får.

28 På rettferds stig er livet å finna,

den vegen fører ikkje ¬til døden.