Vismanns lære er ei kjelde til liv
1 Ein klok son ¬lèt seg aga av far sin,
men spottaren høyrer ikkje ¬på skjenn.
2 Ein mann nyt godt ¬av det munnen ber fram,
dei trulause trår etter vald.
3 Den som aktar sin munn, ¬tek vare på livet,
den som er stor i munnen, ¬skader seg sjølv.
4 Den late vil ha, ¬men får ikkje noko,
den annsame får ¬det han ynskjer seg.
5 Den rettvise hatar usann tale,
den gudlause ber seg ¬stygt og skamlaust åt.
6 Rettferd vernar ¬den som er heil i si ferd,
men gudløyse fører ¬ein syndar til fall.
7 Ein ter seg rik, ¬men har ingen ting,
ein annan ter seg fattig, ¬men eig mykje.
8 Ein rik mann må kjøpa seg fri ¬med sin rikdom,
ein fattig ¬kjem ikkje ut for trugsmål.
9 Ljoset åt dei rettferdige ¬skin klårt,
men lampa åt dei gudlause ¬sloknar.
10 Hovmod fører berre til trette,
kloke er dei som tek imot råd.
11 Lettvunnen rikdom ¬minkar snart,
den som samlar litt etter litt, ¬får mykje.
12 Langvarig venting ¬gjer vondt i hjarta,
som eit livsens tre ¬er eit oppfylt ynske.
13 Den som vanvørder ordet, ¬skader seg sjølv,
den som ottast bodet, får løn.
14 Vismanns lære ¬er ei kjelde til liv,
ei hjelp som bergar ¬frå dødens snarer.
15 Den som har godt vit, ¬vinn velvilje,
men svikarars veg ¬fører til ulukke.
16 Den som er klok, ¬fer fram med vit,
men dåren lèt alle ¬sjå hans dårskap.
17 Ein gudlaus bodberar ¬fell i ulukke,
med eit trufast sendebod ¬fylgjer lækjedom.
18 Armod og skam får den ¬som ikkje vil vita av tukt,
men ære får den ¬som aktar på refsing.
19 Eit oppfylt ynske ¬gjer sjela godt,
å vika frå vondskap ¬er ei gru for dårar.
20 Den som held lag ¬med vismenn, vert vis,
men dårars ven går det ille.
21 Ulukke forfylgjer syndarar,
dei rettferdige får lukke til løn.
22 Ein god mann lèt etter seg arv ¬til barneborn,
men det syndaren eig, ¬er spart til den rettvise.
23 Fattigfolks nybrot ¬gjev rikeleg føde,
men ho går tapt når uretten rår.
24 Den som sparer på riset, ¬hatar son sin,
den som elskar han, ¬tuktar han tidleg.
25 Den rettvise får eta seg mett,
men dei gudlause må gå ¬med magen tom.