Ein manns ord er som djupt vatn
1 Ein einstøing ¬fylgjer sin eigen hug,
med stort hell yppar han strid.
2 Dåren bryr seg ikkje ¬om godt skjøn,
han vil visa ¬kva han tenkjer sjølv.
3 Kjem gudlaus mann, ¬kjem vanvørdnad òg,
og med skam fylgjer spott.
4 Ein manns ord ¬er som djupt vatn,
og visdoms kjelde ¬er ein bekk som vell fram.
5 Det er ille Œ halda med skuldig mann
og driva den rettferdige ¬bort frå retten.
6 Dårens lipper valdar strid,
og munnen hans ropar ¬etter riset.
7 Dårens munn ¬er til skade for han sjølv,
og lippene er ei felle for han.
8 Ord av ein baktalar ¬er som dei beste retter,
dei sig ned i kroppen.
9 Den som er lat i sitt arbeid,
han er bror til øydaren.
10 Herrens namn ¬er eit festningstårn;
dit spring den rettferdige ¬og vert berga.
11 Rikmanns gods ¬er hans faste borg,
i hans tanke ¬er det som ein høg mur.
12 Før mannen fell, ¬er han stolt i hjarta,
føre ære går audmykt.
13 At nokon svarar ¬før han høyrer,
er dumt og til skam for han.
14 Motet held mannen oppe ¬i sjukdom,
men mismod, ¬kven kan bera det?
15 Den kloke får seg kunnskap,
dei vise legg vinn på ¬å høyra og læra.
16 Gåver opnar veg for mannen
og fører han fram ¬for dei store.
17 Den som talar fyrst i ei sak, ¬har rett
til motparten kjem ¬og granskar hans ord.
18 Loddkasting gjer ende ¬på tretter,
ho avgjer strid ¬mellom mektige menn.
19 Har ein bror lide urett,
er han verre å vinna ¬enn ei festning;
å tretta med han ¬er som bom for ei borg.
20 Magen mettast ¬av munnens frukt,
av det som lippene ber fram.
21 Tunga har makt ¬over død og liv,
og dei som gjerne ¬brukar henne,
får nyta hennar frukt.
22 Den som finn ei kone, ¬finn lukka;
han har fått velvilje hjå Herren.
23 Den fattige kjem ¬med audmjuk bøn,
den rike svarar med harde ord.
24 Det kan gå gale med ein mann ¬som har vener,
men det finst vener som er ¬trugnare enn ein bror.