Ordtaka 19

Den som held bodet, tek vare på livet

1 Betre å vera fattig ¬og heil i si ferd

enn å vera ein dåre ¬som talar lygn.

2 Jamvel iver er gagnlaus ¬når det vantar vit,

og den som har hastverk, ¬trør feil.

3 Ein manns dårskap ¬fører han til fall,

men i sitt hjarta ¬er han harm på Herren.

4 Den som er rik, ¬får mange vener,

men den fattige ¬misser den venen han har.

5 Falske vitne slepp ikkje straff,

dei som fer med lygn, ¬går ikkje fri.

6 Mange smeikjer for dei store,

alle er vener med dei rause.

7 Fattigmanns frendar ¬hatar han alle,

jamvel venene held seg borte.

Han vil vinna dei med ord, ¬men dei kjem ikkje.

8 Den som vinn seg skjøn, ¬har livet kjært,

den som tek vare på vitet, ¬finn lukka.

9 Falske vitne slepp ikkje straff,

dei som fer med lygn, ¬går til grunne.

10 Det høver ikkje for dåren ¬å ha gode dagar,

enn mindre for trælen ¬å rå over fyrstar.

11 Klokskap gjer mennesket ¬langmodig,

å tola urett ¬er ei ære for mannen.

12 Kongens vreide ¬er som løvebrøl,

hans velvilje ¬er som dogg i graset.

13 Ein uvitug son ¬er ei ulukke for far sin,

kvinnetrette ¬er som si-drop frå taket.

14 Hus og gods er fedrearv,

ei vitug kone ¬er ei gåve frå Herren.

15 Latskap svæver tungt i svevn,

og letingen må svelta.

16 Den som held bodet, ¬tek vare på livet,

den som ikkje vørder si åtferd, ¬må døy.

17 Den som hjelper ein arming, ¬låner til Herren,

og Herren løner han ¬for hans velgjerning.

18 Tukta son din ¬medan det enno er von,

men lat deg ikkje riva med ¬så du drep han.

19 Den som lèt sinnet ta makta, ¬må bøta;

vil du hjelpa han, ¬må du gjera det atter og atter.

20 Høyr på råd ¬og ta imot formaning,

så vert du vis til slutt.

21 I mannens hjarta ¬er det mange tankar,

men Herrens plan står fast.

22 Det ein ventar av mennesket, ¬er truskap;

det er betre å vera fattig ¬enn å fara med lygn.

23 Age for Herren fører til liv;

mett kan ein gå til nattekvile

og kjem ikkje ut for noko vondt.

24 Den late stikk handa i fatet,

men får henne ikkje opp ¬til munnen eingong.

25 Slår du ein spottar, ¬vert styvingen klok,

refser du den vituge, ¬får han større skjøn.

26 Den som er hard med far sin ¬og jagar bort mor si,

er ein ring og skamlaus son.

27 Hald opp med å høyra ¬på formaning, son,

så går du glipp av ¬dei ord som gjev kunnskap.

28 Eit svikefullt vitne ¬spottar retten,

munnen på gudlause ¬gløyper vondskap.

29 Straff er fastsett ¬for dei som spottar,

og pryl for ryggen på dårar.