1 Når du sit til bords ¬med ein mektig mann,
så merk deg vel ¬kva du har framføre deg,
2 og set ein kniv på strupen din
om mathugen er for stor.
3 Ha ikkje lyst ¬på hans velsmakande retter,
for det kan vera svikefull kost.
4 Streva ikkje etter å verta rik
når du då må gje opp ¬ditt gode skjøn.
5 Når du ser etter rikdomen, ¬er han borte;
brått har han fått seg venger
og flyg til vers som ei ørn.
6 Et ikkje brød ¬hjå den som misunner,
ha ikkje lyst ¬på hans velsmakande retter!
7 For han er ein mann ¬med baktankar.
Han seier nok til deg: ¬«Et og drikk,»
men hjarta hans ¬er ikkje med deg.
8 Den beten du har ete, ¬må du kasta opp att,
dine venlege ord er spilt møde.
9 Du skal ikkje tala til ein dåre,
for han vanvørder ¬dine kloke ord.
10 Flytt ikkje gamle merkesteinar,
og treng ikkje inn ¬på jorda åt farlause!
11 For deira løysingsmann ¬er sterk,
han skal føra saka ¬dei har med deg.
12 Ver viljug ¬til å høyra på formaning,
og lyd på kloke ord!
13 Lat ikkje guten vera utan tukt!
Gjev du han ris, ¬skal han ikkje døy.
14 For når du slår han med riset,
bergar du han frå dødsriket.
15 Son min, har du visdom ¬i hjarta,
vert eg òg inderleg glad.
16 Det jublar inni meg
når du talar det som er rett.
17 Ver ikkje arg på syndarar,
men streva alltid ¬etter gudsfrykt!
18 Gjer du det, ¬har du ei framtid,
og di von er ikkje ute.
19 Høyr no, son min, og vert vis,
styr dine tankar ¬den rette vegen!
20 Ver ikkje med ¬mellom vindrikkarar,
mellom dei ¬som fyller buken med kjøt.
21 For den som et og drikk, ¬vert fattig,
og rusen kler folk i filler.
22 Høyr på far din, ¬som gav deg livet,
og vanvørd ikkje ¬di gamle mor!
23 Kjøp sanning ¬og sel henne ikkje,
kjøp visdom og tukt og vit!
24 Far til den rettferdige ¬kan sanneleg jubla,
den som får ein klok son, ¬vert glad.
25 Ver til glede ¬for far din og mor di,
lat ho som fødde deg, ¬fegnast.
26 Son min, gjev meg hjarta ditt,
bruk augo og akta ¬på mine vegar!
27 Ei skjøkje er som ei djup grav,
ei framand kvinne ¬som ein trong brunn.
28 Ja, ho ligg på lur som ein røvar,
og aukar talet ¬på trulause menn.
29 Kven ropar akk, ¬og kven ropar ve,
kven har strid, ¬og kven må klaga?
Kven har utan grunn fått sår,
og kven har sløve augo?
30 Jau, dei som sit lenge oppe ¬og drikk,
dei som kjem ¬og vil smaka på kryddevinen.
31 Sjå ikkje på vinen, ¬kor raud han er,
kor fint han blenkjer i staupet,
og kor lett han renn ned.
32 Sistpå bit han som ein slange
og høgg som ein hoggorm.
33 Då ser augo dine ¬underlege ting,
og du talar tull og tøv.
34 Det er som låg du ¬midt utpå havet,
eller klengde deg ¬til mastetoppen.
35 «Dei slo meg, ¬men det gjorde ikkje vondt;
dei banka meg, ¬men eg kjende det ikkje.
Når skal eg vakna or rusen?
Då vil eg få tak i meir vin.»